«Akka» vert omdirigert hit. Sjå òg Áhkká.

Akko (hebraisk עַכּוֹ, ʻAkko; arabisk عكّا, ʻAkkā, gammalgresk, Akre, Ἄκρη, engelsk/fransk Acre)Andre stavingar og historiske namn på byen er Accho, Acco og `Akká, eller tidlegare Aak, Ake, Akre, Akke, Ocina, Antiokhia Ptolemais (gresk Ἀντιόχεια τῆς Πτολεμαΐδος), Antiokhenes, Ptolemais Antiokhenes, Ptolemais eller Ptolemaïs, Colonia Claudii Cæsaris og St.-Jean d'Acre (forkorta til Acre), norrønt Akersborg er ein by nord på kystsletta i det nordlege Israel, heilt nord i Haifabukta. Byen ligg strategisk til ved kysten av Middelhavet og dei gamle handelsvegane i Levanten«Gamlebyen i Akko.» UNESCO World Heritage Sentral. World Heritage Convention. Web. 15 Apr 2013. <http://whc.unesco.org/en/list/1042>] Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda.

I krossfarartida vart han kalla «St. John d'Acre» etter Johannesordenen som hadde hovudkvarteret sitt der. Akko er den heilagaste byen i bahaitrua. I 2011 hadde byen 46 464 innbyggjarar. Akko har ein blanda folkesetnad, der 75 % av innbyggjarane er jødar og 25 % er arabarar.

Namn mini|venstre|Akvedukt i Akko.

Namnet 'Akka er registrert i egyptiske kjelder frå kring 2000 fvt., med tre teikn (den første gutturale lyden, «k» og «a»; etterfølgd av teiknet for «utanlandsk by»).E. A. Wallis Budge, An Egyptian Hieroglyphic Dictionary. London: John Murray, 1920.

Byen vart kalla Ptolemais i hellenistisk tid og seinare romersk-bysantinsk tid, men vart gjeven attende namnet «Akka» etter den muslimske erobringa.

Historie mini|venstre|Ruinar av den gamle hamna.

Antikken

Akko er ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Egyptiske lister frå rundt 1800 fvt. nemner ein «Akka» som kan visa til byen.Trevor Bryce, The Routledge Handbook of The Peoples and Places of Ancient Western Asia, Routledge, 2009, s. 19 Amarnabreva nemner òg staden Akka,Burraburias II to Amenophis IV, brev nr. 2 og det same gjer Forbanningstekstane, som er eldre enn Amarnabreva. Den første busetnaden på staden ser ut til å ha dukka opp i tidleg bronsealder, eller kring 3000 fvt. I Det gamle testamentet, (Dommarane 1:31) er Akko ein av stadane som israelittane ikkje dreiv ut kanaanittane frå. Han vart seinare skildra i området til stamma Asher og i følgje Josefus, vart han styrt av ein av guvernørane til Salomo. Gjennom det israelittiske styret, var han politisk og kulturelt knytt til Fønikia. Kring 725 fvt. vart Akko med Sidon og Tyr i eit opprør mot Shalmaneser V.Becking Bob (1992) The Fall of Samaria: An Historical and Archaeological Study BRILL, ISBN 90-04-09633-7 s. 31–35

Gresk, judeisk og romersk tid

Greske historikarar kalla byen Ake, som tyder «kur». I følgje dei greske mytane fann Herakles lækjande urter her for å kurere såra sine.The Guide to Israel, Zev Vilnay, Ahiever, Jerusalem, 1972, s. 396 Josefus kalla han Akre. Namnet vart endra til Antiokhia Ptolemais (gresk Αντιόχεια Πτολεμαίς) kort tid etter erobringa til Aleksander den store, og så til Ptolemais, truleg av Ptolemaios Soter, etter delinga av kongedømet til Aleksander den store. Strabon omtalar byen som ein gong eit møtepunkt for persarane sine tokt mot Egypt. Kring 165 fvt. slo Judas Makkabeus selevkidane i fleire slag i Galilea, og dreiv dei inn i Ptolemais. Kring 153 fvt. kjempa Alexander Balas, son av Antiokhos Epifanes, om selevkidkrona mot Demetrius, og erobra byen, som opna portane sine for han. Demetrius prøvde å mute makkabearane for å få jødiske støtte mot rivalen sin, mellom anna inntekter til Ptolemais frå Tempelet i Jerusalem, men mislukkast. Jonatan Makkabeus gav støtta si til Alexander, og i 150 fvt. vart han teken i mot med stor ære i Ptolemais. Nokre år seinare fekk Tryfon, ein offiser for selevkidane som hadde vorte mistenksam på makkabearane, lokka Jonatan til Ptolemais og tok han der til fange.

Byen vart erobra av Alexander Jannaeus, Kleopatra VII av Egypt og Tigranes II av Armenia. Her bygde Herodes eit gymnasium, og her møtte jødane Petronius, som var send for å setje opp statuar av keisaren i tempelet og overtydde han om å vende attende. Apostelen Paulus var ein dag i Ptolemais (Apostelgjerningane 21:7). Det vart grunnlagd ein romersk colonia ved byen kejnd som eller etter keisar Claudius; han var kjend under kortnamnet . Etter delinga av Romarriket i 395 evt., vart Akko underlagt Austromarriket.

Tidleg islamsk tid Etter nederlaget til den bysantinske hæren til Heraklios mot den muslimske armeen til Khalid ibn al-Walid i slaget ved Yarmouk, og den kristne byen Jerusalem kapitulerte for kalifen Umar, kom Akko under Rashidun-kalifatet i byrjinga av 638. I følgje den tidlege muslimske historikaren al-Baladhuri, vart sjølve erobringa av Akko leia av Shurahbil ibn Hasana, og byen overgav seg truleg utan motstand.Sharon, 1997, s. 23. Den arabiske erobringa gav byen ny velstand, sidan han tente som hovudhamna i Palestina under Omajade- og Abbasidekalifatet som følgde, og gjennom krossfararstyret på 1200-talet.

Den første omajadekalifen, Mu'awiyah (r. 661-680), rekna kystbyane i Levanten som strategisk viktige. Han forsterka derfor forsvarsverka i Akko og busette byen med persarar frå andre delar av det muslimske Syria. Frå AKko, som vart ein av dei viktigaste hamnebyane i regionen i lag med Tyr, sette Mu'awiyah i gang eit åtak mot det bysantinske Kypros. Bysantinarane gjekk til åtak på kystbyane i 669, noko som fekk Mu'awiyah til å samle og sende skipsbyggarar og snikkarar til Akko. Byen tente som den viktigaste marinebasen i Jund al-Urdunn («Militærdistriktet Jordan») fram til regjeringstida til kalifen Hisham ibn Abd al-Malik (723-743), som flytta dei fleste skipsverfta nord til Tyr. Akko vart framleis verande ein militært viktig stad i den første abbasidetida og kalif al-Mutawakkil gav ordre om å gjere Akko til ein stor marinebase i 861, og utstyrte byen med slagskip og soldatar.Sharon, 1997, s. 24.

På 900-talet var Akko framleis ein del av Jund al-Urdunn.le Strange, s.30. Den lokale arabiske geografen al-Muqaddasi vitja Akko tidleg i fatimidetida i 985, og skildra han som ein festningsby med ein stor moské og mange olivenlundar. Den sjølvstendige emiren Ibn Tulun frå Egypt, som annekterte byen i 870-åra, hadde tidlegare bygd festningsverk i byen, som gjorde byen relativt trygg for handelsskip som kom til hamna i byen. Då den persiske geografen Nasir Khusraw vitja Akko i 1047, skreiv han at den store Fredagsmoskéen var bygd av marmor, og låg i sentrum av byen, og like sør for moskéen låg «grava til profeten Salih.»le Strange, s.328-329. Khusraw skildra storleiken til byen, som var omtrent 1,2 km lang og 300 meter brei. Dette talet indikerer at Akko på den tida var større enn den noverande Gamlebyen, som hovudsakleg vart bygd på 1700- og 1800-talet.

Krossfarar- og mamelukktida mini|Tempelriddar-tunnel. Etter ei kring fire år lang kringsetjing,Sharon, 1997, s. 25. kapitulerte Akko til slutt for styrkane til kong Baldwin I av Jerusalem i 1104 under det femte krosstoget. Krossfararane gjorde òg byen til den viktigaste hamna si i Palestina. Undet det første krosstoget, skreiv Fulcher om reisa si med krossfarararmen til kong Baldwin, og at dei var ved Akko før armeen rykka fram til Jerusalem. Dette syner at sjølv i starten var Akko eit knutepunkt mellom krossfararane og framrykkinga deira i Levanten.[Peters, Edward. The Fifth Crusade: The Chronicle of Fulcher of Chartres and Other Source Materials. The Medieavel Series. Philadelphia: University of Pennsylvania Press, 1971. (23-90, 104-105, 122-124, 149-151)] Funksjonen til byen var å gje krossfararane eit fotfeste i regionen og ha tilgang til den livlege handelen som gjorde dei velstaånde, særleg då dei fekk tilgang til den asiatiske krydderhandelen.[Riley-Smith, Jonathan, University of Cambridge. “A History of the World-Object: Hedwig glass beaker”. BBC] I 1130-åra hadde han eit folketal på kring 25 000 og berre Jerusalem var større i kongedøma til krossfarane. Kring 1170 vart han hovudhamna i det austlege Middelhavet, og kongedømet Jerusalem vart i vesten rekna som særs rik hovudsakleg på grunn av Akko. I følgje ein engelsk historikar på den tida, gav byen meir til krossfararkrona enn dei totale inntektene til kongen av England.

Den andalusiske geografen Ibn Jubayr skreiv i 1185 at det framleis var eit muslimsk samfunn i byen, som tilbedde i ein liten moské. Akko kapitulerte i lag med Beirut og Sidon utan kamp for ajjubidane og Saladin i 1187, etter den avgjerande sigeren ved Hattin og den påfølgjande muslimske erobringa av Jerusalem. Han vart verande i muslimske hender fram til byen uventa vart kringsett av kong Guy of Lusignan—forsterka av marinen og bakkestyrkar frå Pisa — i august 1189. Kringsetjinga var unik i krosstogshistoria fordi dei frankiske kringsetjarane sjølv vart kringsett av soldatane til Saladin. Han vart ikkje erobra før i juli 1191, då styrkar frå det tredje krosstoget, leia av Rikard I av England og Filip II av Frankrike, kom til støtte. Akko tente då som den eigentlege hovudstaden i det som var att av kongedømet Jerusalem i 1192 og vart seinare setet for Maltesarordenen. Akko vart verande ein velståande handelsby aust i Middelhavet, men gjekk òg gjennom nokre turbulente tider med kampar mellom forskjellige fraksjonar av krossfararane som stadig førte til borgarkrigar.Sharon, 1997, s. 26.

Den gamle delen av byen, der hamna og borga stod, stikk ut frå kystlinja, og på begge sider av eit smalt stykke land er det sjø. Dette gjorde staden særleg effektiv som hamn og den samle inngangen gjorde at det var lett å forsvare gamlebyen. Både arkeologiske funn og tekstane til krossfararane syner kor strategisk viktig Akko var - ein by det var heilt naudsynt å passere gjennom, kontrollere og, som dei massive murane synte, verne. Akko var den siste skansen til krossfararane då det meste av kysten i Levanten var erobra av mamelukkane. Byen vart isolert og i stor grad forlaten av Europa, og kapitulerte til mamelukkane under sultan al-Ashraf Khalil i ei blodig omleiring i 1291. I tråd med linja mamelukkane førte for kystbyane, for å hindre at dei vart nytta av krossfararstyrkar i framtida, vart Akko fullstendig øydelagd med unntak av nokre få religiøse bygg som vart rekna som heilage av muslimane, nemleg Nabi Salih-grava og Ayn Bakar-kjelda. I 1321 skreiv den syriske geografen Abu'l Fida at Akko var «ein vakker by», men framleis i ruinar etter erobringa av mamelukkane. Likevel vart den «romlege» hamna framleis i bruk og byen var full av kunstnarar.le Strange, s. 333. Gjennom mamelukktida (1260-1517) vart Akko overgått av Safad som den viktigaste byen i provinsen.

Den osmanske tida mini|venstre|Gamlebyen i Akko, 1878 av Félix Bonfils mini|Jezzar Pasha-moskéen Osmanarane under sultan Selim I erobra byen i 1517, etter at han vart sett i brann av mamelukkane og vorte ein liten fiskelandsby. Den engelske akademikaren Henry Maundrell fann byen i 1697 i ruinar, utanom ein khan (karavanserai) bygd og i bruk av franske handelsmenn, ein moské og nokre få fattige hytter. Khanen vart kalla Khan al-Ilfranj etter franskmennene som bygde han.Sharon, 1997, s. 28.