Elling er ein norsk, Oscar-nominert film frå 2001 regissert av Petter Næss og basert på den tredje romanen om «Elling», Brødre i blodet, av Ingvar Ambjørnsen.

Elling er den første filmen i trilogien om Elling. Filmen vart Oscar-nominert for beste utanlandske film i 2002. Han kom derimot ikkje med på lista då Dagbladet i 2007 kåra dei 15 viktigaste filmane sidan 1982.

Handlinga Elling skildrar korleis to tidlegare pasientar ved «Brøynes behandlingshjem» skal klare seg åleine i ei trygdeleilegheit på Majorstua i Oslo, med noko hjelp frå sosialarbeidaren Frank. Medan eine av dei, Elling, slit med angst og fikse idear, er den andre, Kjell-Bjarne, nokså enkel og sexfiksert. Etter kvart lærer dei seg til å takle verda og møter andre menneske.

Rolleliste Rolle Skodespelar Elling Per Christian Ellefsen Kjell Bjarne Sven Nordin Reidun Nordsletten Marit Pia Jacobsen Frank Åsli Jørgen Langhelle Alfons Jørgensen Per Christensen Gunn Hilde Olausson Hauger Ola Otnes Johanne Eli Anne Linnestad Cecilie Kornes Cecilie A. Mosli Haakon Willum Joachim Rafaelsen Eriksen Per Gørvell Servitør på kaféen Knud Dahl

Kjelder

Bakgrunnsstoff Elling i Norsk filmografi (Nasjonalbiblioteket)

Kategori:Filmar frå 2001 Kategori:Norske filmar Kategori:Norske Oscar-kandidatar Kategori:Petter Næss