mini|Fleire helleristningar, som desse frå Nordre Land, syner kva for ei tyding ville dyr har hatt for menneska i Noreg. Pattedyr i Noreg er ei oversikt over pattedyr med ville bestandar på norsk territorium, inkludert Svalbard og Jan Mayen. Menneske og husdyr er ikkje rekna med.Kjelde for lista er ,Artsdatabanken: Artsnavnebasen som no er gitt ansvaret for å bestemme norske namn på organismar i Norge, bokmål, nynorsk og nordsamisk. Det er eit skjønnsspørsmål i kva grad det finnast viltlevande sauer, kattar og andre opphavlege husdyr i Noreg; men slike er ikkje teke med her.
Tabellen under er inndelt i ordenar, familiar og artar.Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk
Innleiing Innvandringa til pattedyra skjedde for alle nålevande pattedyr sitt vedkomande etter siste istid, den faunaen som levde her mellom tidlegare istider hadde anten vandra sørover eller døydd ut. Nokre av dagens pattedyr er innførte til landet. Dei fleste artene har ei sirkumpolar utbreiing i samband med Nordishavet, og er tilpassa eit arktisk klima. Lemen er einaste art som ser ut til å ha si hovudutbreiing i Noreg.
Dei tidlegaste innvandrarane var kvalar og selar, tett følgt av reinsdyr, raudrev, fjellrev og menneske. Typiske skogsartar som elg, brunbjørn og mange gnagar- og flaggermusarter har først kunna etablere seg etter at landa var vorte skogkledd. Den norske pattedyrfaunaen er relativt artsfattig, men det blir forventa at fleire nye europeiske arter vil klare å etablere seg der i framtida. Villsvin vart utrydda i bronsealderen, nordkaper og svartrotte i historisk tid. Villsvin har vandra inn att frå Sverige, medan moskusfe, som var utbreidd i landet i førre mellomistid, har vorte introdusert på nytt.
Pattedyr sine leveområde. Pattedyra lever i alle slag biotopar i Noreg; frå bybakgardane til breen og skoggrensa til det karrige skjeret. Husmus og brunrotte er fullt knytt til menneske. Òg raudrev og grevling er vanleg i byar. Fleire arter trivst best i landbrukets kulturlandskap, som til dømes vånd, rådyr, raudrev, grevling og piggsvin. Mange av dei større pattedyra, som elg, hjort, brunbjørn, ulv, gaupe, mår og bever, har si hovudutbreiing i barskog og blandingsskog, noko som er med på å underbygge den utbreidde førestillinga om at «ville dyr lever i skogen». Rein, lemen, jerv og røyskatt er dyr som har sin hovudutbreiing på fjellet, det vil seie over tregrensa, eller i vierbandet opp mot tregrensa. Oteren er eit kystdyr som både trivst i havet og langs strandkanten. Nokre av dei sjølevande pattedyra har sin hovudutbreiing ut mot det opne havet (som havert), medan nise og steinkobbe er kystnære. Vågekvalhoene kan trekkje inn i fjordane, men dei fleste kvalane lever langt ute frå kysten.
Vernestatus. Artar som er truga av utrydding i Noreg er registrert på norsk raudliste 2006, med ein ei gradert vurdering som går frå «omsynskrevjande»/«nær truga» til «kritisk truga». Òg artar kor bestandstalet er ukjend kan bli lista opp på raudlista. Nye arter som ikkje er ynskt i norsk fauna blir lista på norsk svarteliste, og slike pattedyr (villsvin, mink og mårhund) vil det normalt vere tillate å jakte på heile året. Dyra er svartelista fordi ein fryktar at brei introduksjon av arta kan ha uønskte økologiske konsekvensar.
Piggsvindyr (Erinaceomorpha)
Piggsvinfamilien (Erinaceidae) Utbreiing Biotopar BestandKjelde for bestandsopplysningar er Artsdatabanken; artsdatabanken.no JaktJakt på alle landlevande virveldyr i Noreg blir regulert av Viltloven, kor det som hovudprinsipp slåast fast at «Som hovudregel er alt vilt freda viss ikkje anna blir spesifisert med lov». Det inneber at alle pattedyr er freda, med mindre det er fastsett jakttid på dei. Nokre arter er det likevel løyve til å felle som skadevilt, dvs. når dyra utøver skade på eigedom. For å skilje mellom dyr som er aktivt freda av bestandsomnsyn og dei som er (automatisk) freda fordi det ikkje finst behov eller interesse for jakt, blir brukt i denne kolonnen omgrepa Jaktbar, Freda, Blir Jakta som skadevilt og Uaktuelt. Piggsvin Erinaceus europaeus Sør- og Midt-Noreg opp til Nordland Skog og kulturlandskap Livskraftig bestand, men i tilbakegang sidan 1970-talet Uaktuelt
Spissmusdyr (Soricomorpha)
Spissmusfamilien (Soricidae) Utbreiing Biotopar Bestand Jakt Vasspissmus Neomys fodiens Heile landet bortsett frå Finnmarkskysten Bekkefar og vassdrag Talrik, men internasjonalt er bestanden anteke minskande Uaktuelt Krattspissmus Sorex araneus Heile landet Frå kyst til høgfjell Talrik Uaktuelt Lappspissmus Sorex caecutiens Berre registrert i Finnmark Fjell og fjellskog Usikker, truleg talrik Uaktuelt Taigaspissmus Sorex isdodon Berre registrert i Nordland og Hedmark Usikker, truleg skog og fjellskog Raudlista grunna manglande data Uaktuelt Knøttspissmus S. minutissimus Kjent frå Aust- og Midt-Noreg og dessutan Nordland, men utbreiinga er truleg langt større Skog opp til bjørkebeltet Bestanden anteke livskraftig, men kunnskapen er mangefullIsaksen, K., Syvertsen, P.O., Kooij, J. van der & Rinden, H. (red.) (1998): Truga pattedyr i Noreg: faktaark og forslag til raudliste. Norsk Zoologisk Samskipnad. Rapport 5. : 182 s. Uaktuelt Dvergspissmus Sorex minutus Spreitt over heile landet, ikkje registrert i Lofoten Frå kyst til fjell Usikker, truleg talrik Uaktuelt
Flaggermus (Chiroptera)
Glattnasefamilien (Vespertilionidae) Utbreiing Biotopar Bestand Jakt Nordflaggermus Eptesicus nilssonii Heile landet bortsedd frå Finnmarksvidda Opne område, gjerne òg buområde Talrik i Sør-Noreg Uaktuelt Storflaggermus Nyctalus noctula Rundt Oslofjorden og dessutan på Finnøy i Rogaland Gammal lauvskog Raudlista grunna manglande data, truleg sjeldanAhlén, I. & Tjernberg, M (rei.) (1996): Rödlistade ryggradsdjur i Sverige – Artfakta. (den svenske raudlista) ArtDatabanken, SLU, Uppsala. 335 sider. Uaktuelt Trollflaggermus Pipistrellus nathusii Vestlandet, finst moglegvis òg sør og aust i landet Ukjent Raudlista grunna manglande data.Moglegvis er arta ein nykommar i Noreg. Ref Höjer, J. (1995): Hotade djur och växter i Norden. TemaNord no 1995:520, Nordisk ministerråd, København. side 114 og 142. Uaktuelt Dvergflaggermus Pipistrellus pygmaeusArta vart skilt frå tusseflaggermus (Pipistrellus pipestrellus) i 1997. "DNA answers the call of pipistrelle bat species" i Nature 387, 138-139 (8 May 1997) Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal Lauvskog og kulturlandskap Vanleg, men kan vere omsynskrevjande grunna store enkeltkoloniar. Uaktuelt Breiøyre Barbastella barbastellus Akershus og Vestfold Knytt til gammal lauvskog Sjeldan i heile leveområdet. Rekna som utdøydd i Noreg fram til han vart registrert i 2008.Norsk Zoologisk Forening (2008): Bredøyreflaggermusa ikkje utdøytt likevel! (nettside) Uaktuelt Brunlangøyre Plecotus auritus Låglandet i heile Sør-Noreg nord til Trondheim Skog Talrik Uaktuelt Skimmelflaggermus Vespertilio murinus Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal Svært varierande Omsynskrevjande Uaktuelt Skogflaggermus Myotis brandtii Sør-Noreg nord til Verdal Barskog Omsynskrevjande Uaktuelt Vassflaggermus Myotis daubentonii Sør-Noreg nord til Møre og Romsdal, nord i Hedmark [http:// www.zoologi.no/flmus/flm_vann.htm Norsk Zoologisk Forening sin flaggermusgruppe] Lågtliggjande strøk. Jakter ofte over elver og vatn Talrik Uaktuelt Skjeggflaggermus Myotis mystacinus Sør-Noreg opp til Trøndelag Låglandet Ukjent, arten er vanskeleg å skilje frå andreNorsk Zoologisk Forening Uaktuelt Børsteflaggermus Myotis nattereri Oslo Ukjent Berre éit stadfest funn i Noreg (Oslo, 1961) Uaktuelt
Haredyr (Lagomorpha)
Harefamilien (Leporidae) Utbreiing Biotopar Bestand Jakt Sørhare Lepus europaeus Østfold (særleg Halden) og Akershus, som streifdyr frå Sverige I Noreg mest knytte til kulturlandskap Sjeldan Jaktbar september–februar Hare Lepus timidus Vanleg i heile landet Dei fleste biotopane frå fjøra til over tregrensa Talrik Jaktbar september–februar 25 000 dyr årleg småvilt- og rådyrjakt Kanin Oryctolagus cuniculus Nokre rømde dyr, mest rundt Oslo. Villkanin utsett på Fedje og EdøyNoregs dyr. Pattedyra 3 (1990), s 77 I Noreg knytte til kulturlandskap Sjeldan Uaktuelt
Gnagarar (Rodentia)
Ekornfamilien (Sciuridae) Utbreiing Biotopar Bestand Jakt Ekorn Sciurus vulgaris Heile landet Barskog Vanleg. Sårbar internasjonalt.I Norsk raudliste 2006 er det oppført 6 pattedyrarter som har ein tilfredsstillande bestand i Noreg, men som likevel er oppført på Den internasjonalen raudlista: Ekorn, bever, skoglemen, knølkval, nise og finnkval Jaktbar Beverfamilien (Castoridae) Bever Castor fiber Sørlandet, Austlandet, Trøndelag, Helgeland Vatn og vassdrag Vanleg. Sårbar internasjonalt. Jaktbar 2 300 dyr årleg. Hoppemusfamilien (Dipodidae) Bjørkemus Sicista betulina Frå Romerike i Akershus til Rana i Nordland Fuktige område med tett vegetasjon Ukjent; ingen dokumenterte truslarBJØRKEMUS Sicista betulina Pallas, 1779zoologi.no Uaktuelt Hamsterfamilien (Cricetidae) Vånd Arvicola amphibius Heile landet utanom Finnmarkskysten og tilsynelatande delar av Vestlandet Knytt til kulturlandskap, særleg jordbruk Talrik Blir felt som skadedyr Markmus Microtus agrestis Heile landet Område med gras: Enger, vidder, elvebankar Talrik, moglegvis vanlegaste pattedyrarta i landet Uaktuelt Austmarkmus Microtus rossiaemeridionalis SvalbardØstmarkmus er truleg innført til Svalbard frå Russland på midten av 1900-talet Graskledde skråningar under fuglefjell Vanleg i sitt leveområde. Uaktuelt Fjellmarkmus Microtus oeconomus I høgare strøk i Sør- og Nord-Noreg, manglar i Nord-Trøndelag og Nordland Vidder og fjellskog Talrik Uaktuelt Lemen Lemmus lemmus Langs Langfjella Snaufjellet Vanleg. Er i «lemenår» truleg den mest talrike arta i landetNoreg er hovudområde for utbreiinga til arta i verdahttp://www.zoologi.no/faktum/lemen.htm. Uaktuelt Skoglemen Myopus schisticolor Austlandet Moserik barskog Talrik, «skoglemenår» finst, endå ikkje i same grad som hos lemen. Sårbar internasjonalt. Uaktuelt Klatremus Clethrionomys glareolus Sør- og Midt-Noreg nord til Rana i Nordland Skog og høgfjell Talrik Uaktuelt Gråsidemus Clethrionomys rufocanus Heile landet Knytt til nordlege og høgareliggjande område Talrik, i Nord-Noreg truleg den vanlegaste musearten Uaktuelt Raudmus Myodes rutilus Nord-Noreg frå Nordland og nordover Fjellskog Talrik Uaktuelt Bisam Ondatra zibethicus Finnmark, Nordland og Nord-TrøndelagBisam innvandra austfrå som rømde pelsdyr på 1950-talet, opphavleg Nord-Amerikansk Vassdrag På nasjonal basis er bisam sjeldan, men kan opptre i tette bestandar i utbreiingsområdet. Jaktbar august–mai Musefamilien (Muridae) Storskogmus Apodemus flavicollis Sør-Noreg nord til Trøndelag, manglar tilsynelatande på deler av Vestlandet Skog, kulturlandskap og bebygde strøk Talrik, finst ofte som mus innomhus Blir felt som skadedyr Småskogmus Apodemus sylvaticus Sør-Noreg nord til Trøndelag Kulturlandskap og busette strøk Talrik, truleg den vanlegaste musearten i busette strøk Blir felt som skadedyr Dvergmus Micromys minutus Eit lite område ved Kongsvinger Område med høg gras- og urtevegetasjon Omsynskrevjande, registrert som ny art i Noreg i 2001 Uaktuelt Husmus Mus musculus/domesticus Heile landet utanom Finnmark Knytt til menneske Talrik, men i tilbakegang pga konkurranse med skogmysene Blir felt som skadedyr Brunrotte Rattus norvegicus I busette strøk, særleg i byar over heile landetBrunrotte kom til Noreg på 1300-talet Kulturlandskap og byar, særleg tilknytt kloakk Talrik Blir felt som skadedyr Svartrotte Rattus rattus Knytte til busette strøk Kulturlandskap og byar Utdøydd i Noreg, truleg på 17- eller 1800-talet Ikkje aktuelt
Rovpattedyr (Carnivora)