The Beach Boys Today! er det åttande studioalbumet til The Beach Boys og det første av tre album dei gav ut i 1965. Sjølv om få merka det då albumet kom ut, markerte The Beach Boys Today! eit stort vendepunkt for bandet, og særleg for det personlege livet til bandleiaren Brian Wilson.Leaf, David (1990).The Beach Boys Today!/Summer Days (and Summer Nights!!) (1990 CD-hefte)
Etter Pet Sounds er albumet det mest kritikarroste albumet til The Beach Boys. Albumet inneheld originalutgåva av den klassiske hitten «Help Me, Rhonda».
I 1965 nådde The Beach Boys Today! (Capitol (D) T 2269) fjerdeplassen på den amerikanske albumlista og låg på lista i 50 veker.http://www.billboard.com Han nådde sjetteplassen i Storbritannia sommaren 1966.Brown, Tony (2000). "The Complete Book of the British Charts"
Historie 1964 var eit særs travelt år for The Beach Boys og dei gav ut fire album på tolv månader, i tillegg til at dei spelte inn to av singlane som kom med på dette albumet, «When I Grow Up (To Be a Man)» og «Dance, Dance, Dance» Som leiaren i bandet var Wilson både fysisk og psykisk utsliten, men den stadig aukande populariteten til The Beatles gjorde at Wilson strevde seg vidare for å halde følgje. 23. desember 1964 fekk Brian Wilson eit nervesamanbrot og forstod at han måtte kutte ned på noko. Han valde då å slutte å turnere med bandet.White, Timothy (1994). «The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys and the Southern California Experience»
Det meste av The Beach Boys Today! vart spelt inn i januar 1965 og under desse innspelingane informerte han resten av bandet han ønskte å vere att i studio og skape musikk, medan resten av bandet la ut på turne og spelte for publikum. Bandet godtok dette motvillig og etter ein kort periode med Glen Campbell som erstattar for Wilson, tok Bruce Johnston, ein musikar som tidlegare hadde spelt i lag med Terry Melcher i The Ripchords og ein stor tilhengjar av bandet, over rolla som bassisten i bandet i april 1965, samstundes med at The Beach Boys Today! gjekk inn på listene.http://www.allmusic.com Mange reknar dette albumet som starten på den meir modne musikkstilen til Brian Wilson.
Albumet er kjend for at eine sida består av livlege songar og den andre av melankolske balladar. På den første halvdelen vart «When I Grow Up (To Be a Man)», «Dance, Dance, Dance» og «Do You Wanna Dance?» alle hittar, og «Help Me, Ronda» vart omskrive, spelt inn på nytt og gjeve ut på ein singel som vart den andre førsteplassen på singellista for bandet i mai 1965.Whitburn, Joel (2002). "Top Pop Singles 1955-2001" Den andre, rolegare sida, var ein indikasjon på kva retning Brian Wilson drog mot musikalsk. Balladane på den andre sida er mørkare og meir meiningsfulle enn dei tidlegare balladane bandet spelte inn, og vert rekna som ein forgjengar for Pet Sounds med strykarar, piano, meir perkusjon og volumeffektar.
Den musikalske endringa såg ikkje ut til å påverke platesalet og The Beach Boys Today! nådde fjerdeplassen på albumlista i USA og selde til gullplate. Året etter nådde plata sjetteplass i Storbritannia. I 2012 vart albumet rangert på 271. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Det har seinare kom for dagen at Brian Wilson starta å nytte marihuana i desember 1964 for avspenninga sin del, og då han oppdaga effekten dette hadde på måten han oppfatta musikk på, vart han ein fast brukar.Wilson, Brian/Gold, Todd (1991). "Wouldn't It Be Nice - My Own Story"
Innhald
Medverkande Kjelde frå kontraktane til Musician's Union AFM og studioopptak.
The Beach Boys Al Jardine – solo-, harmoni- og korvokal; elektrisk rytmegitar; bassgitar; handklapping Mike Love – solo-, harmoni- og korvokal; handklapping Brian Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; 4- og 6-strengs bassgitar; piano; cembalo; Hammondorgel; handklapping Carl Wilson – harmoni- og korvokal; solo-, rytme og 12-strengsgitar; 6-strengs bassgitar; handklapping Dennis Wilson – solo-, harmoni- og korvokal; trommer, tamburin, handklapping
Andre musikarar og teknisk personell
Hal Blaine – trommer, perkusjon Chuck Britz – lydteknikar Glen Campbell – gitar Peter Christ – engelsk horn Steve Douglas – tenorsaksofon David Duke – valthorn John Gray – flygel Carl Fortina – trekkspel Plas Johnson – tenorsaksofon Carol Kaye – bassgitar Barney Kessel – klassisk nylongitar, 12-strengsgitar Larry Knechtel – bassgitar Larry Levine – lydteknikar Carrol Lewis – munnspel «Louie» (ukjende etternamn) – kastanjettar Jack Nimitz – saksofon Jay Migliori – barytonsaksofon Earl Palmer – trommer, timbales Don Randi – spikerpiano, orgel Bill Pitman – elektrisk gitar, akustisk gitar Ray Pohlman – bassgitar Billy Lee Riley – munnspel Leon Russell – piano, orgel Billy Strange – elektrisk gitar, elektrisk mandolin Ron Swallow – tamburin Tommy Tedesco – autoharpe, elektrisk gitar, mandolin Russ Titelman – perkusjon (mikrofonstativ slått med skrujern) Julius Wechter – vibrafon, bjøller, pauker, tamburin, conga Jerry Williams – vibrafon, pauker Marilyn Wilson – korvokal ukjend – obo, cello, fiolin, bratsj, engelsk horn
Salslister Album ÅrListePlassering1965Tyskland14 1965 US Billboard 200 Albums Chart4 1965 UK Top 40 Album Chart6
Singlar ÅrSingelListePlassering 1964 «Dance, Dance, Dance» US Billboard Hot 100 Singles Chart8 1964 «When I Grow Up (To Be a Man)» US Billboard Hot 100 Singles Chart9 1965 «Do You Wanna Dance?» US Billboard Hot 100 Singles Chart12 1965 «Please Let Me Wonder» US Billboard Hot 100 Singles Chart52
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Beach Boys Today!» frå , den 29. august 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstane til The Beach Boys Today! Melding av The Beach Boys Today! på CriticalMess.net
Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1965 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Brian Wilson Kategori:Album spelte inn i Gold Star Studios 271 466