Bjørnsund er ei øygruppe og eit fråflytt fiskevær i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Været ligg utom Bud, på sørsida av Hustadvika. Øyar som har vore busette omfattar Nordøya, Hammerøya og Sørøya (Søre Bjørnsund). På Måøya ligg Bjørnsund fyr, som var bemanna fram til 1993. Øyane vart fråflytt på byrjinga av 1970-åra.

I august 1968 vedtok kommunestyret i Fræna at øygruppa skulle fråflyttast. Det var då rundt 250 innbyggjarar, ein nedgang frå 534 i 1946, og stadig fleire av dei som var igjen, var eldre. Det vart vedteke at dei som ville flytta, skulle få økonomisk stønad til det. Oppfatninga, også hjå kommunestyrerepresentantar som kom frå Bjørnsund, var at øyane ville bli fråflytta med tida uansett, og at det var best å gjennomføra prosessen så raskt som mogleg. Fråflyttinga vart gjennomført i 1971.

Husa i været er no nytta som feriebustadar. I været ligg Nordre Bjørnsund bedehuskapell, Bjørnsund fyrstasjon, Bjørnsund leirskule og Søre Bjørnsund museum. På sommaren går det båtrute mellom Harøysundet på fastlandet og Søre og Nordre Bjørnsund.

Øyane var del av Fræna kommune fram til opprettinga av Hustadvika kommune i 2020.

Folketalsutvikling 1801Folketeljing 1801 for Aukra prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sandøy herred, frå Digitalarkivet 1946 2000 82 425 534 0

Kjelder

Bakgrunnsstoff Bjørnsund Nettportal Om Bjørnsund på nettstaden kulturnett.no Nettstaden til Nordre Bjørnsund velforening Nettstaden til Søre Bjørnsund velforening

Kategori:Øyar i Hustadvika Kategori:Fiskevær i Møre og Romsdal