Europeisk historie tek for seg historia til verdsdelen Europa, der det moderne mennesket har budd i nesten 40 000 år. Området vart tidleg dominert av sivilisasjonsdanningar kring Middelhavet, særleg den greske og latinske. Seinare har den politiske hovudtyngda vorte flytta mellom fleire stormaktsdanningar, der ingen klarte å oppretthalda hegemoniet over lengre periodar. Rivalisering mellom stormaktene førte i første halvdelen av 1900-talet til to blodige verdskrigar. I nyare tid er det vorte sett i gang ein omfattande prosess for å samla dei mange nasjonalstatane i Europa til ein økonomisk og politisk union, EU.
Førhistorisk tid mini|Kjerneområdet til La Tène-kulturen (oransje) over den eldre Hallstattkulturen, og utbreiinga av den keltiske kulturen ca. 400 f.Kr. (oransjeraudt) Homo erectus og neandertalarar slo seg ned i Europa lengje før utviklinga av det moderne mennesket, Homo sapiens. Dei tidlegaste tilfella av anatomisk moderne menneske i Europa har vorte datert til rundt 35 000 f.Kr.
Det er funne prov for faste busetjingar datert til 6000-talet f.Kr. i Bulgaria, Romania og Hellas. Yngre steinalder nådde det sentrale Europa på 5000-talet f.Kr. og delar av Nord-Europa i 4000- og 3000-talet f.Kr. Det finst ingen førhistorisk kultur som omfatta heile Europa.
Den første kjende sivilisasjonen i Europa som hadde skriftspråk var den minoiske på Kreta og litt seinare den mykenske i dei nærliggande greske områda, frå byrjinga av det 1000-talet f.Kr.
Rundt år 400 f.Kr. vart La Tène-kulturen spreidd over den største delen det europeiske innlandet, så langt som til den iberiske halvøya, og seinare Anatolia. Etruskarane folkesette det sentrale Italia og Lombardia, herfrå vart dei no forskove av keltarar, som òg blanda seg med folkesetnaden i Iberia og skapte den unike keltiberiske kulturen. Sidan keltarane ikkje hadde skriftspråk veit me lite om kulturen deira. Romarane møtte dei og etterlét seg ei mengd informasjon om dei, desse arkiva og dei arkeologiske bevisa formar forståinga vår for denne ekstremt innflytelsesrike kulturen. Keltarane viste ein sterk, men mindre organisert, konkurranse mot Romarriket som etter kvart koloniserte og erobra heile den søre delen av Europa.
Antikken
mini|Riket til Aleksander den store og utbreiinga av hellenistisk kultur. Hellensk kultur
Ved slutten av bronsealderen fall dei gamle greske kongedømma saman og ein ny sivilisasjon voks opp i tomrommet etter dei. Den hellenske sivilisasjonen vart til av ei samling av bystatar, med Aten og Sparta som dei viktigaste. Statane hadde ulike regjeringstypar og kulturar, som omfatta mange nyvinningar innanfor regjeringstypar, filosofi, vitskap, politikk, sport, teater og musikk. Dei hellenske bystatane grunnla ei stor mengd koloniar på kystane til Svartehavet og Middelhavet, i Anatolia, Sicilia og Sør-Italia, men i det 4. hundreåret f.Kr. hadde dei interne krigane deira gjort dei til eit lett bytte for kong Filip II av Makedonia. Sonen hans Aleksander den store sine militære erobringar spreidde den hellenske kulturen til Persia, Egypt og India, men opna òg for kontakt mellom den nye kulturen og den eldre læra frå desse områda. Dette utvikla seg til ein ny kultur som seinare er vorte kjent som hellenismen.
Romarriket
mini|Utviklinga til det romerske riket: før 133 f.Kr (raud), 44 f.Kr (oransje), 14 e.Kr (gul), 117 e.Kr (grøn). Mykje av den greske kulturen vart teken opp i den gryande romerske staten etter kvart som denne voks seg ut frå Italia. Dei tok fordel av fiendane sine splittingar. Den einaste utfordringa mot romersk overherredøme over Sør-Europa kom frå den fønikiske kolonien Karthago. Den romerske sigeren over denne i punarkrigane mot slutten av 200-talet f.Kr. markerer starten på romersk kontroll over Middelhavet. Det politiske tyngdepunktet til riket låg rundt Middelhavet, medan det kontrollerte alle dei omliggande landa.
Romarriket gjekk over frå kongedøme til republikk før det mot slutten av første hundreåret f.Kr. enda opp som eit keisarrike under keisar Augustus og etterfølgjarane hans. Under keisar Trajan på 100-talet hadde riket si største utstrekking, dei nordlege grensene var definert av dei store elvene Rhinen og Donau og det omfatta delar av Storbritannia, Romania og Mesopotamia. Keisarriket gav fred, sivilisasjon og eit effektivt sentralstyre til undersåttane sine, men på 200-talet svekte ein serie borgarkrigar den økonomiske og sosiale styrken til riket. På 300-talet klarte keisarane Diokletian og Konstantin å seinka oppsplittinga av riket ved å dela det i ein vestre og ein austre del. Diokletian og arvingane hans utførte blodige forfølgingar av kristne samfunn, men Konstantin gjorde tvert imot offisielt slutt på all forfølging av kristendomen i 313 med ediktet frå Milano. Rundt 380, under keisar Theodosius den store, blei kristendom den offisielle romerske statsreligionen, og den katolske kyrkja kunne veksa seg til ein mektig institusjon.
Mellomalderen
Tidleg mellomalder mini|Oppdelinga av riket til Karl den store.
Vest-Europa steig fram som ein eigen sivilisasjon etter fallet til Vestromarriket på 400-talet, etter at fleire invasjonar av barbariske stammar, i hovudsak germanarar, skilde området frå resten av Middelhavet, der Det bysantinske riket eller Austromarriket skulle overleva i tusen år til. På 600-talet byrja arabarar ein sterk ekspansjon som førte muslimsk kultur til sørkystane av Middelhavet (frå Tyrkia til Sicilia og Spania), noko som skapte ei endå vidare kløft mellom dei ulike middelhavssivilisasjonane. Store mengder vitskap og teknologisk lære vart tapt, internasjonal handel minska kraftig, og folk fann tilbake til jordbrukssamfunn. I det same hundreåret skapte bulgararane den første slaviske staten i Europa, Bulgaria. Føydalismen erstatta det sentraliserte romerske styresettet, den einaste institusjonen som overlevde Romarriket var kyrkja, som heldt ein del av den romerske kulturarven og fortsette som den dominerande kjelda for kunnskap i det vestlege Europa fram til 1200-talet. Biskopen i Roma, etterkvart kjent som paven, vart leiaren for den vestlege kyrkja.
Det heilage romerske riket av den tyske nasjonen vart danna av den frankiske kongen Karl den store i år 800, etter at han hadde underkua det vestlege Tyskland, delar av Italia og store delar av dei omkringliggande landa. Han fekk betydeleg hjelp i form av ein allianse med paven, som ynskte å kutte banda sine med det bysantinske rike. Dette samarbeidet førte til danninga av eit nytt keisarrike i Vest-Europa og at paven sin domene vart omgjort til ein uavhengig stat i det sentrale Italia.
mini|Europa i 814.
Seint på 800-talet og på 900-talet fekk det nordlege og vestre Europa føle den nådelause makta og innverknaden av vikingar, som plyndra, handla og erobra raskt og effektivt med sine avanserte sjøfarande skip. Dei følgjande hundre år, perioden til ca år 1000, såg ein vidare auke av føydalismen, noko som førte til at det tysk-romerske riket svekte seg mykje, sidan makta vart fordelt mellom dei mange smårika keisarriket var vorte oppdelt i.
Etter aust-vest-brotet vart den vestlege (romersk-katolske) kristendomen teke opp av dei nyleg danna kongedømma i sentrale Europa: Polen, Ungarn og Böhmen. Den romersk-katolske kyrkja utvikla seg til ein sterk politisk maktspelar, noko som førte til konfliktar mellom paven og keisaren.
Seinmellomalderen
mini|Europa i 1430 Tidlege teikn på ei gjenoppdaging av den antikke sivilisasjon i Vest-Europa byrja å tre fram på 1000-talet sidan handelen byrja å ta seg opp att i Italia, som førte til økonomisk og kulturell vekst i uavhengige italienske bystatar som Venezia og Firenze. Samstundes byrja nasjonalstatar å utvikle seg i område som Frankrike, England, Spania, og Portugal, sjølv om denne prosessen skulle ta fleire hundre år. Det tysk-romerske riket fragmenterte ytterlegare til ei rekkje småstater som berre formelt var underlagt keisaren.
På starten av 1300-talet vart Austersjøen ei av Europas viktigaste handelsårer. Hansaen, eit handelsforbund mellom hovudsakleg tyske handelsbyar, opna for å inkludere store delar av Polen, Litauen og resten av området rundt det baltiske havet i den europeiske økonomien.
Ein av dei største katastrofane Europa har sett var svartedauden. Det fanst fleire utbrot, men det mest alvorlege skjedde rundt midten av 1300-talet, då ein reknar med at pesten tok livet av rundt ein tredjedel av folkesetnaden i Europa.
Det er vanleg å assosiere slutten av mellomalderen med erobringa av Konstantinopel og Det bysantinske riket av osmanske tyrkarar i 1453. Tyrkarane gjorde byen, med det omsette namnet Istanbul, til hovudstad i riket sitt, som skulle vara fram til første verdskrigen og som òg omfatta Egypt, Syria og mesteparten av Balkan.
Renessanse og reformasjon
På 1400-talet, ved slutten av mellomalderen, hadde nye mektige nasjonar utvikla seg, bygde av såkalla nye monarkar som hadde sentralisert makt i Frankrike, England og Spania. Derimot hadde kyrkja tapt mykje av makta si på grunn av korrupsjon, interne konfliktar og utbreiinga av kultur som førte til kunstnariske, filosofiske, vitskaplege og tekniske nyvinningar i tida som er kjent som renessansen («gjenfødinga» av sivilisasjonen).
Dei nye statane var ofte i politiske kriser og krig. Spesielt etter at Martin Luther starta reformasjonen i 1517, herja ei rekkje politiske og religiøse krigar kontinentet. Splittinga av den dominerande vestlege kyrkja skulle få store politiske, sosiale og kulturelle implikasjonar for Europa. Striden mellom katolikkar og protestantar kunne særleg kjennast i England, der kong Henrik VIII braut med paven og erklærte seg sjølv for kyrkja sitt overhovud (slik vart den anglikanske kyrkja til), og i Tyskland der reformasjonen sameinte dei ulike protestantiske småfyrstane mot dei katolske Habsburg-keisarane.
I motsetnad til Vest-Europa løyste landa i Sentral-Europa, Det polsk-litauiske samveldet og Ungarn, den religiøse krisa ved å innføra religiøs toleranse. Sentral-Europa var allereie splitta mellom austleg og vestleg kristendom, og splittinga vart no utvida til å vere mellom katolikkar, protestantar, gresk-ortodokse og jødar.
Moderne historie
Koloniseringstida
Dei mange krigane stoppa ikkje dei nye statane frå å utforska og erobra andre delar av verda, særleg i Asia og det nyleg oppdaga Amerika. På 1400-talet utvikla Portugal det portugisiske imperiet i tre verdsdelar, og tidleg på 1500-talet følgde Spania etter. Dei iberiske landa var dei første som oppretta koloniar i Sør-Amerika og handelsstasjonar langs kystane av Afrika og Asia, men dei vart raskt følgt av Frankrike, England og Nederland.
Imperialistiske utvidingar av økonomiske og politiske kontrollområde fortsette dei neste hundreåra (med nokre tilbakeslag, som den amerikanske revolusjonen og frigjeringskrigane i Sør-Amerika). Spania heldt kontroll over den største delen av Sør-Amerika, Karibia og Filippinane. England tok heile Australia og New Zealand, mesteparten av India og store delar av Afrika og Nord-Amerika. Frankrike tok delar av Canada og India (som dei tapte til England i 1763), Indokina og store delar av Afrika. Nederland vann Aust-India (no Indonesia) og øyar i Karibia. Portugal skaffa seg kontroll over Brasil og mange område i Afrika og Asia. Seinare kom makter som Tyskland, Belgia, Italia og Russland til å skaffe Europa endå fleire koloniar.
Tidleg moderne tid (1500-, 1600- og 1700-talet)