mini|«Abeille Bourbon» ved kai i Brest i Nord-Frankrike august 2005. «Abeille Bourbon» er eit kystvaktskip i den franske marinen, som vart sett i drift våren 2005. Skipet erstatta skipet «Abeille Flandre», som vart sett i drift i 1979.

Skroget vart bygd i Polen og var innom Florø for vidare arbeid. Utstyring og ferdigstilling skjedde på Myklebust verft i Gursken i Sande kommune. Skipet er designa av Rolls-Royce Marine/Ulstein Technology og er nært slekta til KV «Harstad» sitt design. Kystvaktskipet er særskilt utstyrt for sleping, oljevern og generelle kystvaktoppgåver.

Les Abeilles International, eit slepebåtselskap i Bourbon-gruppa, har kontrahert «Abeille Bourbon» og systerskipet «Abeille Liberté». Les Abeilles International har kontrakt med den franske marinen om standby-tenester langs den franske kysten. Skipet vart døypt i Brest 13. april 2005 med presidentfrua Bernadotte Chirac som gudmor. Hovudbasen vil òg vera i Brest.

Nøkkeldata Formgjevar: ingeniør og skipsformgjevar Sigmund Borgundvåg Lengd: 80 m Breidd: 16,5 m Mannskap: 14 i tillegg til at der er 8 passasjerplassar Motorar: 4 MAK tyskproduserte motorar, 21 740 hestekrefter kvar og Cummins hjelpemotorar Toppfart: 19,5 knop Kanoneld: 4 500 m³ i timen

Bakgrunnsstoff Skipsdesign hjå Rolls-Royce Marine Ouessant.org - Abeille Bourbon Ymse nøkkeldata NetMarine - Abeille Bourbon Jacques Carney, L'Abeille Bourbon relève l'Abeille Flandre, in Navires et Marine marchande hors-série Sauvetage en mer, septembre 2005. Hervé Hamon (avec des peintures et dessins d'Anne Smith, peintre de la Marine), «De l'Abeille à l'Abeille», Editions du Seuil, 2005.

Abeille Bourbon Abeille Bourbon Abeille Bourbon