Johan Frederik Thorne () var ein norsk kjøpmann, trelasthandlar og stortingsmann frå Drammen. Han var far til Johan Thorne, og bror av Søren Thorne.
Liv og gjerning Thorne var fødd i Drammen, og budde der heile livet. Han tok til som kjøpmann, seinare tok han og til som trelasthandlar og dreiv med dette i vel tjue år (1827-48). I eigenskap av brukseigar var Thorne med å stifte Buskerud amts landboforening, han var og med på skipinga av Drammens og Holmestrands skibsassuranseforening. Thorne sette i fart dei to fyrste dampbåtane på Tyrifjorden. Perioden 1837-43 var han stadshauptmann.
Thorne var innvald på Stortinget 1833, 1839, 1845 og 1848. Til sesjonen i 1842 var han tredje varamann. På dei ulike stortinga var han medlem av ymse komitear. I 1848 var han formann i bankkomiteen. Kring valet av representantar til 1836-sesjonen var det ein del ugreie, og Thorne kom ikkje med.
Thorne var med i kommisjonen av 1838 som såg på handelsloven. 1841 deltok han som norsk representant (fullmektig) i avslutninga av ein traktat om Øresundstollen.
Under den økonomiske krisa i 1848 måtte Thorne innstille den store verksemda si.
Kjelde Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914
Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Norske trelasthandlarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Folk frå Drammen