Oddvar Johannes Flæte (), oppvaksen i Årdal og Høyanger, var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2011.
Utdanning Flæte er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen BI (1971). Han har også teke utdanning i leiarutvikling hjå IMI i Geneve i Sveits (1991), og gått Forsvarets høgskole i 2001.
Yrkesliv Frå 1971 til 1976 var Flæte tilsett ved ÅSV Høyanger Verk, i Høyanger kommune, med ansvar for opplæring, informasjon og organisasjon. Frå 1976 til 1982 var han leiar ved Vik Verk i Vik kommune. Frå 1982 til 1983 var Flæte marknadssjef i ÅSV Foredling.
Frå 1983 til 1987 jobba Flæte som prosjektleiar i Norwegian Petroleum Consultants/Statoil. Etter dette etablerte og dreiv Flæte, saman med fleire andre, konsulentfirmaet Terramar AS (1987-1992). I 1992 vart han tilsett som godsdirektør og seinare trafikkdirektør i NSB, ein posisjon han hadde fram til han vart fylkesmann i 1994.
Flæte var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2011.
Engasjement Flæte har hatt ei rekkje styreverv i ulike verksemder, og har engasjert seg i satsing på informasjonsteknologi i Sogn og Fjordane, mellom anna gjennom prosjektet IT-forum Sogn og Fjordane. I embetstida hans vart den statlege informasjonstenesta noreg.no, seinare Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT), utvikla og lokalisert til Leikanger kommune.
Etter at Flæte gjekk av som fylkesmann i 2011 vart han styreleiar i Førdepakken AS, eit selskap som er pådrivar for å få på plass nytt vegsystem i og rundt Førde.
Flæte leia regjeringa sitt klimatilpassingsutval som leverte si innstilling i 2011. I 2013 vart han leiar for eit nytt NOU-utval som skal gå gjennom kommunelova med sikte på å styrke det kommunale sjølvstyret.
Kjelder «Oddvar Flæte» i NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon Fylkesmannsbloggen - Innlegg av Oddvar Flæte
Kategori:Folk frå Årdal Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane