mini|Delar av Trwyn y Rhws

Trwyn y Rhws (engelsk: Rhoose Point) er det sørlegaste punktet på fastlandet i Wales.

Det ligg på sørkysten av Sør-Wales og stikk utover i Severn-estuaret eller Bristolkanalen.

I nærleiken låg det tidlegare ein sementfabrikk. I dag er det sett opp 600 hus her og landsbyen Rhoose har vorte kraftig utvida.

Bakgrunnsstoff Bilete www.geograph.co.uk : Bilete av Rhoose Point og omliggande område

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rhoose Point» frå , den 22. januar 2010.

Kategori:Vale of Glamorgan Kategori:Nes i Wales