For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen

Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.

Medlemmer Domstolen har 15 dommarar, som blir valde av FN si generalforsamling og SN sitt tryggingsråd for periodar på ni år, med tiltreding 5. februar. Dette er dei 15 noverande dommarane:

Namn Stat Posisjon Vald Periode avsluttaHisashi Owada President 2003 2012 Peter Tomka Visepresident 2003 2012Shi Jiuyong Medlem 1994, 2003 2012 Abdul G. Koroma Medlem 1994, 2003 2012Awn Shawkat Al-Khasawneh Medlem 2000, 2009 2018 Thomas Buergenthal Medlem 2000, 2006 2015Bruno Simma Medlem 2003 2012Ronny Abraham Medlem 2005, 2009 2018Sir Kenneth Keith Medlem 2006 2015Bernardo Sepúlveda Amor Medlem 2006 2015Mohamed Bennouna Medlem 2006 2015Leonid Skotnikov Medlem 2006 2015Antônio Augusto Cançado Trindade Medlem 2009 2018Abdulqawi Yusuf Medlem 2009 2018Christopher John Greenwood Medlem 2009 2018

Sjå òg Den internasjonale havrettsdomstolen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Internasjonale domstolen Internasjonale domstolen Internasjonale domstolen Kategori:Skipingar i 1945 Kategori:Organisasjonar i Haag