Emiliano Zapata Salazar () var ein meksikansk geriljaleiar og motstandsmann. Han vart ein av hovudpersonane under den meksikanske revolusjonen som braut ut i 1910, mot diktaturet til Porfirio Díaz. Zapata var mestis og leia kampen til indianerbøndene mot dei mektige jordeigarane under slagordet Reforma, Libertad, Justicia y Ley (plan de Ayla). Han gjennomførte omfattande jordreformer i dei områda han kontrollerte, men vart til slutt drepen av fiendane sine i 1919.
Zapata vert rekna for å vere ein av dei fremste nasjonale heltane i Mexico. Byar, gater og bustadområde kalla «Emiliano Zapata» er vanlege rundt om i landet og Zapata har til tider vore avbilda på meksikanske pengesetlar. Dei opphavlege zapatistane starta i delstaten Morelos. venstre|mini|Brørne Emiliano og Eufemio Zapata iført karakteristisk charro-drakt med store bartar, patronbelte og sombreroar omkring 1910.
Zapatistar i nyare tid Zapatistane (EZLN), ei revolusjonær rørsle med utgangspunkt i delstaten Chiapas, har i nyare tid teke namnet sitt etter Zapata.
Sjå òg Den meksikanske revolusjonen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Emiliano Zapata» frå , den 13. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå den meksikanske revolusjonen Kategori:Meksikanske generalar Kategori:Myrda politikarar