Erling Jevne () er ein norsk tidlegare langrennar frå Øyer i Oppland. Frå 1987 til 2002 tevla han på høgt nivå, han la opp i 2006. Han var klart best i klassisk langrenn og hadde i fleire år fast plass på Noregs stafettlag i verdscup og internasjonale meisterskap. Jevne var med å vinne 4 x 10 km stafett i verdsmeisterskapen både i 1995 og i 1997, i 1998 vart han olympisk meister i same øvinga.
Karriere Jevnes største individuelle prestasjonar var to sølvmedaljar, ei på 50 km under Ski-VM 1997 i Trondheim, den andre på 30 km under dei olympiske leikane året etter. Tre gongar gjekk han til topps i verdscuprenn (1996, 2000, 2001/02). I alt kom han tolv gongar på pallen i verdscupen (3-6-3).
Jevne vart noregsmeister tre gongar, alle gongane (1992, 1994, 1996) på femmila. Han var ein såkalla milslukar, alle dei åtte NM-medaljane vann han på renn over 30 km og 50 km. Jevne var medlem av Øyer IF.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1987: Nr 5 på 50 km i Holmenkollen 1991: Nr 11 på 50 km i Holmenkollen 1992: Nr 5 på 30 km i OL i Albertville, nr 4 på 50 km i Holmenkollen 1993: Nr 7 på 30 km i VM i Falun, nr 4 på 50 km i Holmenkollen 1994: Nr 5 på 50 km i OL på Lillehammer 1995: Gull på stafetten, nr 6 på 10 km og nr 7 på femmila under VM i Thunder Bay 1996: Vinnar av 50 km i verdscupen i Holmenkollen 1997: Gull på stafetten, sølv på 50 km og nr 7 på 10 km under VM i Trondheim 1998: Gull på stafetten, sølv på 30 km og nr 7 på 10 km under OL i Nagano 1999: Sølv på VM-stafetten, samt nr 2 på 15 km i verdscupen i Nove Mesto 2000: Vinnar av 10 km i verdscupen i Bormio 2001: Nr 4 på 30 km i verdsmeisterskapen i Lahti 2001/02: Vinnar av 15 km i verdscupen i Davos. Nr 6 på 15 km under OL i Salt Lake City
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1987: Nr 5 på 15 km i Steinkjer 1988: – Ski-NM 1989: Nr 8 på 30 km på Geilo Ski-NM 1990: Bronsemedalje på 50 km på Gjøvik Ski-NM 1991: Bronsemedalje på 50 km i Bodø Ski-NM 1992: Gullmedalje på 50 km i Molde og sølvmedalje på 30 km i Trondheim Ski-NM 1993: Nr 4 på 30 km på Lillehammer. Ski-NM 1994: Gullmedalje på 50 km i Stor-Elvdal Ski-NM 1995: Sølvmedalje på 30 km i Oslo Ski-NM 1996: Gullmedalje på 50 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 10 på 10 km i Mo i Rana 1998: – Ski-NM 1999: Nr 5 på 10 km i Skrautvål Ski-NM 2000: Bronsemedalje på 30 km i Vang Ski-NM 2001: Nr 6 på 10 km i Steinkjer 2002: –
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Denne artikkelen bygger på «Erling Jevne» frå , den 10. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Erling Jevne i olympedia.org
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Folk frå Øyer