Bardsey Island (walisisk Ynys Enlli, 'øya i straumane'Samuel Lewis, A Topographical Dictionary of Wales, 1849, S Lewis and Co, London, 474 s.) er ei øy som ligg 3 km utanfor Llŷnhalvøya i området Gwynedd i Wales.«Bardsey Island», Encyclopaedia Britannica. Henta 25. mars 2010 Ho er 400 meter brei og 1,6 km lang. Nordaustsida av øya stig bratt opp frå sjøen til ei høgd på 167 meter over havet ved Mynydd Enlli,«Cycle Ride from Aberdaron», Cycling North Wales. Henta 25. mars 2010 medan vestsida er låg og relativt flatt oppdyrka jordbruksland.«Bardsey» , Gwynedd Archaeological Trust. Henta 25. mars 2010 Sidan 1974 har øya høyrt til Aberdaron.«Election Maps: Gwynedd», Ordnance Survey. Henta 25. mars 2010
Øya har vore ein viktig religiøs stad sidan den heilage Cadfan bygde eit kloster her i 516.«Island of 20,000 Saints», BBC. Henta 25. mars 2010 I mellomalderen var det eit stort pilegrimssenter og frå 1212 høyrte det til dei augustinske Canons Regular.«Bardsey Island», Institute of Archaeology, University College London. Henta 25. mars 2010 Klosteret vart øydelagd av Henrik VIII i 1537, men øya har heldt fram som pilegrimsmål heilt fram til våre dagar.«The Island : History» , Bardsey Island Trust. Henta 25. mars 2010
Bardsey Island er i dag kjend for dyrelivet og det kuperte landskapet. Det vart oppretta eit fugleobservatorium her i 1953, hovudsakleg fordi øya ligg midt i trekkfuglruta.«Wildlife Haven», BBC. Henta 25. mars 2010 Her finn ein viktige fuglar i Europa, som havlire og alpekråke, samt sjeldne planter og habitat som ikkje er øydelagde av moderne jordbruk.«Core Management Plan Including Conservation Objectives for Clogwyni Pen Llŷn SAC», Countryside Council for Wales. Henta 25. mars 2010 Det er ein av dei beste stadane i Gwynedd for å sjå gråsel; og farvatnet rundt øya trekkjer til seg delfinar og niser.
Andelegdomen og heilagdomen ved øya, den relativt aude plasseringa og at ho i følgje segna er gravstaden til kong Arthur, har gjort at ho har ein spesiell plass i kulturlivet i Wales. Ho har trekt til seg mange kunstnarar, forfattarar og musikarar.Bardsey Island Trust: Enlli and the Arts Henta 25. mars 2010 Ho har inspirert til prisvinnande litteraturBritish Broadcasting Corporation (24. mai 2009): «Singer-songwriter Wins Book Prize» Henta 25. mars 2010 og trekt til seg internasjonal kjende songarar.Daily Telegraph (11. september 2008): «Bryn Terfel: Why I Nearly Fled the Last Night» Henta 25. mars 2010
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bardsey Island» frå , den 25. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Bardsey Island Trust Geograph: Bilete av Bardsey Island
Kategori:Øyar i Wales Kategori:Naturreservat i Wales Kategori:Site of Special Scientific Interest i Wales Kategori:Geografi i Gwynedd