Oswald von Wolkenstein (fødd 1376 eller 1377, truleg i Schöneck in Pustertal i Tirol, død 2. august 1445 i Merano i Italia) var ein tysk diktar, komponist, adelsmann og diplomat. Som diplomat reiste han mykje i Europa, mellom anna heilt til Georgia og vart innlemma i Drageordenen.
Som komponist skreiv han hovudsakleg monofoniske songar som omhandla riddarleg kjærleik. Han skreiv òg noko polyfonisk musikk seint i livet sitt. Han var involvert i ein strid om eit landområde med naboane sine og hamna i fengsel fleire gonger. Han skreiv likevel kjærleikssongar til døtrene til rivalen sine og minst ei kvinne til utanom kona si.
Mange av songane til Oswald omhandla eigne opplevingar og hendingar, mellom anna songar om politikk, reiser, humor, drikking og bordell. Seinare stykke var enkle polyfoniske stykke med religiøse tekstar. Det vart samla kring 130 av stykka hans i tre manuskript.
Bakgrunnsstoff Oswald von Wolkenstein-Gesellschaft Tekstar
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Oswald von Wolkenstein» frå , den 30. mars 2010.
Andre kjelder:
Kategori:Fødde i 1370-åra Kategori:Døde i 1445 Kategori:Mellomalderkomponistar Kategori:Tyske diktarar Kategori:Tyske diplomatar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Folk frå Bolzano