Bjarne Lyngstad () var ein norsk folkehøgskulelærar, gardbrukar og politikar frå Venstre, fødd på Inderøy. Han var ordførar for Inderøy og stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag.

Lokalpolitikk Bjarne Lyngstad var varaordførar i Inderøy kommune i periodane 1945-1947, 1955-1959 og 1959-1961. I periodane 1947-1951 og 1951-1952 var han ordførar.

Stortingsrepresentant Bjarne Lyngstad var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 1961 til 1969.

Regjering 28. august–25. september 1963: Statsråd og sjef for Kommunal- og arbeidsdepartementet (kommunalminister) i John Lyng si regjering 12. oktober 1965–21. august 1970: Statsråd og sjef for Landbruksdepartementet (landbruksminister) i Per Borten si regjering.

Kjelder

Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Norske kommunalministrar Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lyng Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Inderøy Kategori:Venstreordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Inderøy