Jonatan Johansson () er ein finsk fotballspelar, som har spelt for fleire klubbar i England, Skottland og Sverige. I 2010-sesongen skal han spela for TPS i den finske fotballigaen. I 2009 spelte han sin landslagskamp nummer 100 for det finske landslaget.

Klubbkarriere Johansson debuterte i den finske toppserien for klubben TPS frå Åbo (Turku) i 1995. I 1997 spelte han ei kort tid for Flora i Tallinn i Estland, før han drog til den skotske toppklubben Rangers. I 2000 vart han kjøpt av London-klubben Charlton Athletic i engelsk Premier League. Han spelte for Charlton i Premier League i fem sesongar, før han vart lånt ut til Norwich City i den nest høgste divisjonen i 2005-06. Sommaren 2006 forlet Johansson dei britiske øyane og drog til den svenske toppserien og Malmö FF. I 2009 hadde han eit nytt opphald i Skottland der han spelte for dei to klubbane Hibernian og St. Johnstone. Etter dette vende han heim til Finland, der han skal spela for gamleklubben TPS i 2010-sesongen.

Landslagskarriere Johansson har vore ein viktig spelar for det finske landslaget. Han fekk A-lagsdebuten sin mot Kuwait 16. mars 1996, og passerte i 2009 hundre landskampar.

Kjelder Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå svensk wikipedia 11. april 2010.

Kategori:Finske fotballspelarar Kategori:Finlandssvenskar Kategori:Rangers-spelarar Kategori:Charlton-spelarar Kategori:Norwich-spelarar Kategori:Malmö-spelarar Kategori:Hibernian-spelarar Kategori:St. Johnstone-spelarar