Jo-Bu Senior var den fyrste norskproduserte motorsaga. Ho vart produsert av Jo-Bu Mekaniske Verksted AS i Drøbak. Saga kom på marknaden i 1948Larsen, Ø.R. (red.), Jo-Bu: Skogen og folket, Follo museum, 2013. og vart produsert til 1955. I 1948 var tomannssager enda vanlege og i byrjinga vart saga kalla «Einmannssaga Jo-Bu». Jo-Bu Senior hadde ein masse på 17,5 kg, som var lite i høve til dei fleste andre sager på denne tida, men alt for mykje til at saga kunne nyttast til kvisting. Ho vart difor berre nytta til felling og kapping.
I 1948 hadde dei fleste motorsagene breie sverd, som hadde lett for å setta seg fast om stammen klemte. For å hindra dette hadde nokre sager smale bogesverd, men bogen gjorde at det kunne vera vanskelegare å koma til om trea stod tett, eller om det låg stein og røter attmed stammen. Jobu Senior hadde smalt sverd, med trinse i enden, noko som reduserte problemet med klemming. Nokre motorsager med bogesverd vart importerte og prøvd ut i Noreg, men etter at Jobu Senior kom på marknaden forsvann interessa for bogesverdsageneSamset, I., Fra muskler til maskiner i skogen, Norsk skogmuseum, 2008.. Ein annan føremon med smalt sverd er at det vert muleg å nytta kile ved felling.
Motoren var ein Aspin totaktsmotor med eit slagvolum på 125 cm³, som med eit turtal på 4000 o/min hadde ein effekt på rundt 4 hk. Saga var utstyrt med flottørforgassar som måtte roterast 90° når saga vart nytta for felling.
Jo-Bu produserte sjølv kjeda, som gjekk utanpå sverdet. Kjeda hadde ein fart på berre 4,4 m/s, men saktegåande kjede var vanleg på denne tida. Det var manuell smøring av kjeda.
I 1952 kom den mykje lettare Jo-Bu Junior på marknaden, så både Senior og Junior var i produksjon samstundes frå 1952 til 1955. Det vart produsert rundt 7300 Jo-Bu Senior.
Galleri
Referansar
Kategori:Jo-Bu motorsager