Fister kyrkje ligg på Fister i Hjelmeland kommune i Rogaland.
Dette er ei langkyrkje i tømmer, som vart oppført i 1867 med utgangspunkt i teikningane til Hans Ditlev Franciscus von Linstow. Kyrkja ligg fint til på ei høgd, med vid utsikt utover Fisterfjorden og Fisterøyane i vest. Kyrkja har 200 sitjeplassar.
Kyrkja har ein del eldre inventar frå 1600-talet. I Norsk kirkeleksikon vert det opplyst at den tidlegare kyrkja eksisterte frå 1604 til den nye vert bygd i 1867, utan at fleire opplysningar kjem fram.
Motivet på altartavla er «Nattverden». Tavla er frå 1626 og er skåre av Thomas Snikkar og måla av Gottfried Hendtzschel, begge var sentrale kunstnarar i Rogaland under Stavangerrenessansen. Hendtzschel har òg laga preikestolen som er frå ca. 1630.
Døypefonten er av kleberstein i gotisk stil.
Kyrkja har diverse kyrkjesølv og har òg ei ljosekrone i messing frå den gamle kyrkja. To messehaglar er òg derfrå.
Bakgrunnsstoff Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, side 428, Vanebo forlag 1993, ISBN 82-7527-022-7 Fister kyrkje Kyrkjesøk
Kategori:Kyrkjer i Hjelmeland Kategori:Kyrkjer i Ryfylke prosti Kategori:Kulturminne i Hjelmeland Kategori:Bygningar teikna av Hans Linstow Kategori:Langkyrkjer i Stavanger bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:1867 i Noreg