Obstruent er ein oral språklyd som har ei så sterk innsnevring i talekanalen (svelget eller munnhola) at det anten oppstår eit fullstendig lukke (som ved plosivar og affrikatar) eller at det oppstår høyrbar friksjon (som ved affrikatar og frikativar).
Nemninga omfattar desse typane språklydar:
Orale lukkelydar – til dømes [p b p' t d t' k ɡ k'] Klikkelydar – til dømes [kǀ k! kǂ kǁ ɡǀ ɡ! ɡǂ ɡǁ ŋǀ ŋ! ŋǂ ŋǁ ] Affrikatar – til dømes [ʦ ʣ ʦ' ʧ ʤ ʧ'] Frikativar – til dømes [f v f' s z s' ʃ ʒ ʃ' x ɣ]
Ein språklyd som ikkje er ein obstruent, er ein sonorant.Gussenhoven, Carlos; Haike, Jacobs. Understanding Phonology, Fourth Edition, Routledge, 2017
Etymologi Ordet obstruent er danna av det latinske verbet obstruō 'mure att, stengje'.
Merknadar
Kjelder
Kategori:Språklydar