mini|Kartet viser kvar i Kina kantonesisk blir tala. mini|Talorda frå 'null' til 'ti' på kantonesisk: Nr Analyse Tyding Teikn Transkripsjon T4 ML 0 零 liŋ̀ T1 H 1 一 yɐ́t T3 L 2 二 yii T1 H 3 三 sáḿ T2 M 4 四 sei T5 MH 5 五 ŋŋ́ T3 L 6 六 lùk T1 H 7 七 chɐ́t T2 M 8 八 bat T5 MH 9 九 gɐú T3 L 10 十 sɐ̀p
Kantonesisk er eit tonespråk som høyrer til den sinittiske greina av sinotibetansk. Kantonesisk har sju ulike leksikalske tonar, T1–T7. Den toneberande eininga er stavinga. Med nokre få unnatak utgjer morfema i kantonesisk éi staving, slik at fleirstavingsord så å seie alltid har fleire morfem. Nokre av tonane er illustrerte til høgre, med uttale. Transkripsjonen av kantonesiske vokalar byggjer på Duanmu (2009: 83).
Analyse Det kantonesiske tonesystemet skil seg på fleire viktige punkt frå det i mandarin.Framstillinga byggjer på Baker & Ho (2006), Kao (1971), Whitaker & Simon (1958) og Yip (2002). For det fyrste må stavingane delast i to typar:
Stavingstype a: Stavingar som ikkje endar på -p, -t eller -k Stavingstype b: Stavingar som endar på -p, -t eller -k
I stavingar av type A skil språket mellom seks (eller sju) tonar, som illustrert i den venstre helvta av tabellen nedanfor, der dei er skrivne med IPA-transkripsjon. Skiljet mellom T1 og T7 er marginalt, og finst ikkje hos alle talarar. I stavingar av type B (som ikkje finst på standard mandarin), skil språket mellom berre tre tonar, som vist i den høgre helvta i tabellen. I stavingstype a finst både nivå- og konturtonar, i stavingstype b berre nivåtonar.
Nummer Kinesiske teikn(hànzì) Pinyin-transkripsjon Tyding Tone-analyse Nummer Kinesiske teikn(hànzì) Pinyin-transkripsjon Tyding Tone-analyse T1 詩 síí dikt H T1 識 sík stil, type H T2 試 sii prøve, smake M T2 錫 sik tinn M T3 是 sìì vere L T3 食 sìk ete L T4 時 siì tid ML T5 史 sií gjere, forårsake MH T6 市 sìi marknad, by LM T7 西 sɐ́i vest HM
Ingen trykkveike stavingar Ein annan viktig skilnad på kantonesisk og mandarin er at kantonesisk ikkje har trykkveike stavingar: alle stavingar blir uttala med ein tone, og høyrest trykksterke ut (Baker & Ho 2006: xvi).
Tonesandhi Kantonesisk har, som mandarin, tonesandhi (Yip 2002), men berre hos dei som skil mellom T1 (H) og T7 (MH):
HM → H /__ H
Regelen seier at tonen HM (T7) blir til H (T1) føre ein H, som i dette dømet:
三 sám 'tre' + 杯 búi 'kopp' + 水 søí 'vatn' → 三 杯 水 sáḿ búi søí 'tre koppar vatn'
Her blir HM 三 sám endra til H sáḿ føre HM 杯 búi 'kopp'. HM 杯 búi 'kopp' står derimot uendra, for den følgjande tonen er MH 水 søí 'vatn'.
Bibliografi Baker, Hugh & Ho Pui-Kei 2006. Teach yourself Cantonese. London: Hodder Education. Bruce, R. 1970. Teach yourself Cantonese. London: Teach Yourself Books. Duanmu, San 2009, Syllable structure. Oxford: Oxford University Press. Kao, Diana L. 1971. Structure of the syllable in Cantonese. The Hague & Paris: Mouton. Whitaker, K. P. K. & W. Simon 1958. 1200 Chinese basic characters. An adaption for students of Cantonese of W. Simon's National Language version. London: Lund Humphries. Yip, Moira 2002. Tone. (Cambridge textbooks in linguistics.) Cambridge: Cambridge University Press.
Fotnotar
Kantonesisk Kantonesisk