Idiosynkrasi (frå gresk ιδιοσυγκρασία idiosynkrasia: idio, eigen + syn, saman + krasia, ‘blanding’) er noko som er særeige for ein enkelt person eller ei gruppe, og som hindrar denne personen eller gruppa i å bli omfatta av ein regel eller omfattast av ein kategori.

Innan psykologien viser omgrepet til egenskapar som gjer ein person annleis og særeigen samanlikna med andre.

Det kan også vere ein person sin motvilje mot ein person, eit omgrep eller ein ting. Eksempel: «Sjefen avviste kategorisk å kome før klokka 9, å tilsette brunetter og å bruke tid på detaljar som rekneskap. Desse idiosynkrasiane førte til slutt til at firmaet gjekk konkurs.»

Medisinsk Innanfor legevitskapen er idiosynkrasi ein abnorm reaksjon mot visse stoff grunna genetisk disposisjon. Det blir gjerne nytta synonymt med allergi.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Idiosynkrasi» frå , den 9. august 2010.

Kategori:Ord av gresk opphav Kategori:Medisinsk terminologi Kategori:Menneskeleg åtferd