Jørgen Christian Knudsen () var ein norsk skipsreiar, fabrikkeigar og politikar frå Høgre. Han var far til Christen Knudsen og Finn C. Knudsen. Statsminister Gunnar Knudsen var bror hans.

Knudsen var fødd ved Arendal, far hans var skipsreiar. I yngre år var han tre år i England og Frankrike. Saman med broren Gunnar overtok hans så skipsreiarforretninga og skipsbyggeri etter faren. Då firmaet vart oppløyst i 1889, dreiv han vidare på eiga hand som skipsreiar og fabrikkeigar.

Mange år medlem av Porsgrunn bystyre, i fleire år ordførar.

Knudsen var stortingsrepresentant for Porsgrunn i periodane 1880-88, 1892-1900 og 1903-06. Grunna sjukdom møtte han ikkje i 1896. Han var medlem av justiskomiteen 1880-85 og næringskomite nr 2 1886-88. Perioden 1892-95 og 1897 var han medlem av justiskomiteen. Medlem av militærkomiteen 1898-1900, og valkomiteen og fullmaktskomiteen 1898-1903. Formann i jarnbanekomiteen 1903-06 og i arbeidsløysekomiteen 1904, president i Odelstinget 1906. Han var medlem av kroningsdeputasjonen 1906.

Knudsen døydde 1922 i Porsgrunn.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Porsgrunn Kategori:Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Arendal