Claus Nils Holtzrod Daae () var ein norsk prest og stortingsrepresentant.

Daae var son til soknepresten Iver Munthe Daae i Fana, og vart student 1825 frå katedralskulen i Bergen. Den yngre broren Jens Kobro Daae var også prest.Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel, s.292. Han reiste til hovudstaden og vart cand. theol. i 1828. Dei neste åra livnærte han seg som alumnus ved det filologiske seminaret og som notarius ved det teologiske fakultetet. År 1834 vart han utnemnd til sokneprest på Stord, eit embete han hadde i 27 år. Då seminaret på Stord vart oppretta i 1838, fekk Daae stilling som både forstandar og fyrstelærar. I 1861 vart han sokneprest for Vår Frue kyrkje i Trondheim og 1865 ved Domkyrkja i Bergen. Same året vart han utnemnd til stiftsprost.

Daae var 4. representant på Stortinget for Søndre Bergenhus amt i 1848. Han var formann i kyrkjekomite nr 2. 1848-61 var han ordførar i Stord.

Han døydde i Bergen i 1896.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Norske prestar Kategori:Politikarar frå Bergen