St Mary's Loch er den største naturlege innsjøen i Scottish Borders og ligg langs vegen A708 mellom Selkirk og Moffat, kring 72 km sør for Edinburgh. Han er 5 km lang og 1 km brei og vart skapt av isbreane under den siste istida. Innsjøen får vatn frå Megget Water, som renn frå Megget-reservoaret og er kjelda til Yarrow Water, som renn austover frå innsjøen og ut i Ettrick Water oppfor Selkirk.
Innsjøen har fått namn etter ei kyrkje tileigna Jomfru Maria, som ein gong stod på nordsida av innsjøen. I dag er berre gravplassen til kyrkja synleg.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «St Mary's Loch» frå , den 4. september 2010.
Kategori:Innsjøar i Scottish Borders Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland