Ingebjørg Amanda Godskesen () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Aust-Agder fylke i 2009, då ho var 1. kandidat for Aust-Agder Framstegsparti. Godskesen sat i Arendal bystyre frå 2003 til 2009, og var medlem av planutvalet og formannskapet, i tillegg til miljø-, kultur- og næringskomiteen i kommunen. Ho har også vore fylkesstyremedlem i KS Agder.

Bakgrunn Godskesen har fagbrev innan økonomi frå Økonomisk Gymnas fra 1977, og har fullført studium i data og internett frå Universitetet i Agder frå 1978. Ho jobba innan administrasjon og kontor i NSB frå 1977 til 1986, då ho starta firmaet ABC-Text Økonomi. Ho gjekk over til å vere salskonsulent for Dagligvareservice i 1995. Frå 2003 var ho tilsett på heiltid som distriktssekretær i Framstegspartiet, og vart som regionsekretær i 2007.

Bakgrunnsstoff

Ingebjørg Amanda Godskesen hjå Stortinget Ingebjørg Amanda Godskesen hjå Fremskrittspartiet Ingebjørg Amanda Godskesen hjå TV 2 Offisiell nettside

Kategori:Folk frå Arendal Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017