Vågstranda kyrkje ligg på Vågstranda i Rauma kommune. Kyrkja vart bygd i 1870 og restaurert til hundreårsjubileet i 1970.
Kyrkja har et ytre omriss som ei langkyrkje. Ho er bygd i lafta tømmer, hugd ved Trondheim, der kyrkja òg først vart sett opp som råbygg. Tømmerstokkane vart så merka og plukka ned, frakta til Vågstranda og sett opp att. Byggmeister var G. Olsen (Trondheim).
Kyrkjeklokka er støypt på Bolsøya, av klokkestøypar Christensen.
Tidlegare, før 1870, sokna vågstrendingane til Gamle Veøy kyrkje, på Veøya, i Romsdalsfjorden.
Interiøret Altertavla er frå 1870, måla av Balle Lund frå Trondheim.
Orgelet er frå 1973 og har seks stemmer. Tidlegare var det eit harmonium i kyrkja, frå 1923.
Kjelder Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. «Kyrkjene våre» i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210 Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1870 Kategori:Kulturminne i Rauma