Eli Engum Hagen () er sekretæren og rådgjevaren til den norske Framstegsparti-politikaren Carl I. Hagen, som ho gifta seg med i 1983. Ho var også ein av fleire faste paneldeltakarar i talkshowet Studio 5 som blei send på TV-kanalen FEM frå 2008 til 2010.

Ho har utdanning frå handelsskole og har blant anna arbeidt som teknisk teiknar og kontorleder og formannssekretær i Framstegspartiet. Eli Hagen sat dessutan i Oslo bystyre for Frp frå 1987 til 1991. Forfattaren Jan Martin Iversen hevda i si bok om dei første 25 åra til Framstegspartiet, Fra Anders Lange til Carl I. Hagen (1998), at Eli hadde ei viktig rolle i utviklinga av partiet. I november 2001 skapte ho overskrifter då ho, etter å ha sett av mannen sin på middag på Slottet i Oslo, ved eit uhell køyrde sin Volkswagen Passat ned trappene føre slottet.

I 2006 lanserte Eli Hagen sjølvbiografien Gift med Carl. Boka fekk mykje merksemd i mediene, mest på grunn av utilslørte og nedsetjande karakteristikkar av, og påstandar om, ulike politikarar. I boka understreka ho også sitt tette forhold til Carl I. Hagen og si rolle som politisk medspelar. I samband med lanseringa deltok ho i fleore debattar på TV og i radio, mellom annet i programmet Rikets røst på TV 2 og i Først & sist på NRK.

Hausten 2013 deltok Eli Hagen i kjendiskonkurransen Skal vi danse på TV 2. Som profesjonell dansepartnar hadde ho Bjørn Wettre Holthe. Paret ende på fjerdeplass.

Litteratur Gift med Carl – elskerinne, sekretær og hustru – sjølvbiografi 2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eli Hagen» frå , den 26. november 2016.

Kategori:Norske forfattarar av erindringsbøker Kategori:Norske Skal vi danse-deltakarar Kategori:FrP-politikarar i Oslo Kategori:Folk frå Dovre