Thomas Vermaelen () er ein belgisk fotballspelar som i 2014 spela i forsvar for Arsenal i engelsk Premier League, og for Belgia sitt landslag.
Vermaelen debuterte som profesjonell fotballspelar for Ajax i nederlandsk Eredivisie 15. februar 2004. I 2004/05-sesongen var han på utlån til Eredivisie-klubben Waalwijk. Frå 2005/06-sesongen var han fast på laget til Ajax, og i slutten av 2008/09-sesongen var han klubbkaptein for Ajax. Sommaren 2009 vart han seld til Arsenal for 12 millionar euro. Han spelte stort sett fast på førstelaget til Arsenal den første sesongen sin i klubben. Han var med på å vinna FA-cupen med Arsenal i 2014.
Vermaelen debuterte for Belgia sitt A-landslag i mars 2006, i ein kamp mot Luxembourg. I oktober 2009 var han kaptein for Belgia sitt landslag for første gong. 14. november 2009 skåra han det første landslagsmålet sitt, i ein privatlandskamp heime mot Belgia.
Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Waalwijk-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Belgiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018