mini|Karlstad universitet, nedre plan i 1-huset. mini|Karlstads universitetsbibliotek Karlstads universitet (KAU) er eit statleg universitet i Karlstad i Sverige. Universitetet vart oppretta den 1. januar 1999 då den tidlegare Högskolan i Karlstad vart tildelt universitetsstatus. Høgskulen var opphavleg ein filial av Göteborgs universitet. Universitetet har om lag 50 utdanningsprogram, 20 påbyggingsprogram og 900 kurs innanfor områda humaniora, samfunnsvitskap, naturvitskap, teknikk, undervising, helse og musikk. Musikhögskolan Ingesund i Arvika er sidan 2002 ein del av universitetet og er den einaste avdelinga som ikkje ligg i Karlstad.

Frå 2006 er universitetet inndelt i fire fakultet: Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT Fakultetet for teknikk- og naturvitskap Fakultetet for samfunns- og livsvitskap Estetisk-filosofisk fakultet

Sidan 26. mars 2009 har økonomifakultetet også hatt namnet Handelshögskolan vid Karlstads universitet og Karlstad Business School.http://www.student.kau.se/aktuellt/artiklar/artikeldetalj.lasso?artID=6337

Internasjonalisering av utdanning og forsking er eit viktig område ved Karlstads universitet. I år 2006 vart lærestaden Sverige sitt fyrste ECTS-akkrediterte læresete.

Det nye biblioteket stod klart i januar 2002. Etter det har universitetsområdet vakse ytterlegare med eit nytt bygg for teknikk og naturvitskap, som vart innvigd i september 2008.

Ved universitetet finst det fleire studentforeiningar, Karlstads universitets Idrottsförening (KAUIF) og to aktive kor, Sällskapet CMB og Söt Likör. Der finst eit studentbustadsområde nær universitetet. Det heiter Campus Futurum.

Fakultet Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT Fakultetet for teknikk- og naturvitskap Fakultetet for samfunns- og livsvitskap Estetisk-filosofisk fakultet

Fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT Fakultetet har fem program på grunnivå. Kvart program omfattar 180 høgskulepoeng eller tre års heiltidsstudiar: Økonomi, fastighetsekonomi, matematikkøkonomi, turisme og IT-design retta mot forretningssystem og økonomi. I tillegg finst der fleire påbyggingsprogram på avansert nivå - eit år for magister-eksamen og to år for master-eksamen.

I dag har fakultetet for økonomi, kommunikasjon og IT nær 2 000 heilårsstudentar, 58 doktorandar og 15 professorar.

Historia Økonomutdanninga i Karlstad starta på slutten av 1960-talet ved lærestaden som då var ein filial av Göteborgs universitet. På den tida las ein grunnkursa i Karlstad for så å halde fram og avslutte utdanninga si i Gøteborg. Verksemda vart suksessivt utvida, og ti år seinare kunne ein ta heile utdanninga og få eksamen frå Høgskulen i Karlstad.

På 1970- og 1980-talet ekspanderte økonomiutdanningane i Sverige og òg i Karlstad. På forskingssida valde Høgskulan i Karlstad å samle kreftene kring tensteforsking og skapte i 1986 Centrum för Tjänsteforskning, eller CTF.

Det var òg på 1990-talet visjonen om at Høgskulen i Karlstad skulle bli universitet vart utvikla vidare. Karlstadsmodellen for forsking vart etablert og gjesteprofessorer vart knytt til dei ulike forskingsfelta. Doktorgradsstudentar fekk si utdanning i Karlstad gjennom samarbeid med svenske og utanlandske universitet.

Rektorar

1977–1994: Lennart Andersson, professor i kulturgeografi 1995–2006: Christina Ullenius, professor i organisk kjemi 2007–2011: Kerstin Norén, professor i svensk språk 2011–2017: Åsa Bergenheim, professor i idéhistorie og pedagogisk arbeid 2017–2022: Johan Sterte, professor i kjemisk teknologi

Kjende personar Stefan Holm, den tidlegare høgdehopparen, er i dag informasjons- og kommunikasjonsmedarbeidar ved universitetet.

Foreningar og kor Studentkoret ved Karlstad universitet heiter Karlstads studentkår. Ved Karlstads universitet finst det ikkje nasjonar, men det er studentforeningane som tar hand om nasjonane sine oppgåver.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «» frå , den 28. september 2010.

Bakgrunnsstoff

Karlstads universitet, universitetet si heimeside Karlstad Business School

Fakultet: Fakulteten för ekonomi, kommunikation och IT Fakulteten för teknik- och naturvetenskap Fakulteten för samhälls- och livsvetenskaper Estetisk-filosofiska fakulteten

Kategori:Universitet i Sverige Kategori:Karlstad Kategori:Skipingar i 1999