«Lady Friend» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av David Crosby og gjeven ut som singel den 13. juli 1967. Singelen nådde 82. plass på den amerikanske singellista, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. I Amerika og Europa var B-sida til singelen «Old John Robertson» av Chris Hillman, men i Storbritannia var B-sida «Don't Make Waves», skriven av Roger McGuinn og Chris Hillman. «Lady Friend» er kjend som den einaste songen skriven av David Crosby aleine som kom ut som ei A-side på ein Byrds-singel.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lady Friend (song)» frå , den 18. oktober 2010.

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Byrds-songar