Broken Arrow er det 26. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, spelt inn i lag med Crazy Horse. Dei første tre songane er tre lange, strukturerte jammar, i liknande stil som tidlegare Crazy Horse-samarbeid som Everybody Knows This Is Nowhere, Zuma og Ragged Glory. Det siste sporet er eit konsertopptak av ein Jimmy Reed-song som vart spelt inn med ein liten publikumsmikrofon på ein liten «hemmeleg» konsert i California, for å gje han ei kjensle av piratopptak.

På vinylutgåva og på CD-singelen «Big Time» finst bonussporet «Interstate». Dette var ein song frå innspelinga av Ragged Glory i 1990. Dette var det siste studioalbumet til Young på fire år.

Merk at songen «Broken Arrow» av Buffalo Springfield, som Neil Young var medlem av, ikkje finst på dette albumet.

Innhald

Medverkande Neil Young - gitar, elektrisk og akustisk gitar, piano, munnspel Crazy Horse Poncho Sampedro - vokal, elektrisk gitar Billy Talbot - vokal, bass, tamburin Ralph Molina - vokal, trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Broken Arrow (album)» frå , den 31. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Neil Young-album Kategori:Musikkalbum frå 1996 Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album produserte av Neil Young Kategori:Crazy Horse-album