mini|Karl XII av Sverige i Altranstädt 1706-1707, av Johan David Swartz Altranstädt-traktaten eller Altranstädt-kovnensjonen vart signert mellom Karl XII av Sverige og Josef I av Det tysk-romerske riket den 31. august 1707. Han slo fast rettane til protestantane i Schlesien.
Historisk samanheng Sjølv om reformasjonen hadde påverka Schlesien i stor grad, hadde dei habsburgske keisarane gjort ein motreformasjon i provinsen på 1700-talet.Büsch (1992), s. 575 Særleg i Øvre Schlesien var dette ein suksess: tidleg på 1700-talet var nesten halvparten av innbyggjarane i Schlesien katolikkar, og kring 1000 kyrkjer hadde vorte omgjort frå protestantiske til katolske kyrkjer.k Freden i Westfalen (1648) verna berre protestantane i hertugdøma Brieg, Liegnitz, Münsterberg, Öls, Wohlau og i byen Breslau. I hertugdøma Jauer, Glogau og Schweidnitz, fekk protestantane lov til å halde tre «fredskyrkjer» (Friedenskirchen) utanfor bymurane. Etter 1675, vart berre Breslau og hertugdømet Oels spart for motreformasjonen, og «fredskyrkjene» vart oppheva, trass i protestar frå Sverige og protestantiske statar i Det tysk-romerske riket.Klueting (1999), s. 24
Under den store nordiske krigen hadde Karl XII av Sverige marsjert armeen sinn gjennom Schlesien og okkupert Kurfyrstedømet Sachsen, der han tvinga fienden, kurfyrsten August den sterke, inn i Altranstädt-traktaten i 1706.Bromley (1970), s. 700
Vilkår
Under opphaldet i Altranstädt i Sachsen, nær Leipzig, forhandla Karl XII fram ein avtale til med den habsburgske keisaren. Josef I gjekk med på å gje attende fleire kyrkjer til dei protestantiske samfunna og tillet å reise seks «nådekyrkjer». «Nådekyrkjene» vart reist i Freystadt, Hirschberg, Landeshut, Militsch, Sagan og Teschen, 125 kyrkjer vart gjevne attende.Herzig (2000), s. 25 Josef I stoppa òg vidare motreformasjonar.Herzig (2000), s. 24 Tre protestantiske kyrkjeråd vart tillatne, og lutheranismen vart teke opp att i Schlesien.
Avtalen vart forhandla i Altranstädt frå april 1707.Metzdorf (2000), s. 135 Josef I signerte konvensjonen for å hindre Karl XII frå å gå inn i den spanske arvefølgjekrigen på fransk side,Reifenscheid (1982), s. 200 og heldt ei streng romersk-katolsk linje i dei andre arveområda sine. Då Schlesien vart ein prøyssisk provins i 1742, verna den protestantiske prøyssiske kongen dei romersk-katolske sine rettar og eigedomar med freden i Breslau.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Treaty of Altranstädt (1707)» frå , den 14. november 2010. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Den store nordiske krigen Kategori:Tysk-romerske avtalar Kategori:Schlesisk historie Kategori:Svenske avtalar Kategori:Avtalar i 1707