mini|Hjartholm mini|Hjartholm mini|Hjartholm Hjartholm er ein stad i Gulen kommune i Vestland. Hjartholm består av Indre og Ytre Hjartholm. Hjartholm ligg på sørsida av Sognefjorden mellom Botnen i aust og Breidvik i vest.
Namnet Namnet blei skrive Hiortholm i 1563, Hjerthollum i 1603, Hiertholm i 1611, Indre og Ytre Hiertholm i 1667 Hjartholm i 1723. Lokal uttale av namnet er ja'rthålm eller jæ'rthålm.
Ein rund åsrygg hol, holmr, stikk ut i Sognefjorden mellom Indre og Ytre Hjartholm. På begge sider av denne åsen var det i gamal tid skog som bestod av furu og bjørk, og i denne skogen var det Hjort. Ein meiner at dette kan vere noko av årsaka til namnet.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 873
Indre Hjartholm Indre Hjartholm ligg ved ei vik i Sognefjorden. Fram til 1644 var det berre eit bruk på Indre Hjartholm.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 873 Frå rundt 1620-50 var det to plassmenn på garden.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 900
Ytre Hjartholm Ytre Hjartholm ligg ved Sognefjorden ved ei vik med god ankerplass. Garden har hatt mykje bjørk og furuskog. Om beiteretten i fjelldalen Iserklov var det strid mellom bøndene på Ytre Hjartholm og bøndene i Breidvik på 1800-talet, men det kom til forlik slik at oppsittarane på Ytre Hjartholm ikkje skulle mjølke kyrne sine utanfor elva og oppsittarane i Breidvik ikkje skulle mjølke kyrne sine innanfor elva som renn gjennom dalen.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 902
Inntil 1863 var det berre eit bruk på Ytre Hjartholm. Sidan blei det to bruk.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 902 På Ytre Hjartholm var det plassmenn frå 1645.Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt side 914
Referansar
Litteratur Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, Bind 1–3 1944
Bakgrunnsstoff Nytt utsleppsløyve til Marine Harvest lokalitet Hjartholm
Kategori:Busetnader i Gulen