Pylseteigen er ein matrikkelgard i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden ligg på vestsida av Høyangsfjorden og har matrikkelnummer 58.
Geografi Pylseteigen ligg i ei bratt fjordside, ca. 2,5 kilometer frå Høyanger sentrum. Fylkesveg 55 går i Hovdetunnelen (1283 m.) forbi garden, og på utsida ligg den gamle og stenge vegstrekka som Hovdetunnelen avløyste. Det er ikkje noko gardstun eller andre bygningar på Pylseteigen, og garden er nedlagt.
Namn Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at han ikkje har nokon opplysningar å gje om namnet. Han nemner berre at han i postadresseboka har funne namnet Pølsevik oppført under Nes i Luster.
Statens Kartverk godkjende skrivemåten «Pylseteigen» i 1987.
Kjelder
Bakgrunnsstoff «Pølseteig» i gardsmatrikkelen for 1886 «Pølseteig» i matrikkelutkastet av 1950 «Pylseteigen» i Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
Kategori:Gardar i Høyanger Kategori:Matrikkelgardar i Sogn og Fjordane