mini|Tjuefemøring avbilda saman med andre norske myntar på eit numismatisk postkort frå Noreg.

Femogtjueøring eller tjuefemøring er ein mynt som vart utmynta i Noreg frå 1876 til 1982.

Mynten har på adversen hatt monogrammet til myntherren, det vil seie den regjerande monarken, ei riksløve, ei kongekrone eller fire kongemonogram mot kvarandre. Under andre verdskrigen hadde mynten på adversen det norske riksvåpenet utan krone, omgitt av olavsmerket og med teksten «NORGE».

På reversen hadde mynten teksten «25 øre» i ulike variantar, før mynten frå 1958 til 1973 hadde biletet av ein kjøtmeis og teksten 25 øre-Norge.

Frå 1924 til 1951 vart koparnikkel- og nikkelmessing-mynten prega som særskiljemynt med hol midt i mynten. Eldre skiljemynt i koparnikkel fekk utstansa hol i ettertid.

+ Norske tiørar Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar Oskar II sølv 2,42 g 1,45 1876-1904 Håkon VII sølv 2,42 g 1,45 1909-1919 Håkon VII koparnikkel 2,40 g 1920-23, 1924-41, 1946-50, 1952-57 Okkupasjonsmynt sink 1,25 g 1943-1945 Håkon VII nikkelmessing 2,40 g 1942 Olav V koparnikkel 2,40 g 1958-1973 Per Palle Storm Olav V koparnikkel 1,50 g 1974-1982 Øivind Hansen

Kjelder Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3

Bakgrunnsstoff 25 øre Håkon VII 25-øre Olav V

Kategori:Historisk mynt Kategori:Norske myntar Kategori:Skipingar i 1876 Kategori:Nedleggingar i 1982