Auen Gregersen () var ein norsk gardbrukar, kontorist og stortingsmann frå Modum i Buskerud.

Far til Gregersen var gardbrukar på Sønsteby i Modum. Sjølv tok han over Sønsteby etter faren, men frå 1828 var han gardbrukar på storgarden Modum. I 1837 vart han vald til den fyrste ordføraren i Modum herad, eit verv han hadde i mange år. Perioden 1841-60 var han sparebankdirektør.

Gregersen var 2. representant frå Buskeruds amt på Stortinget i 1848, medlem av næringskomite nr 1. Elles tida 1845-58 var han frå 1.-4. varamann ved vala til Stortinget.

I 1860 slutta Gregersen som gardbrukar og byrja som kontorist for baronen Gudbran von Gregersen i Budapest i Ungarn. Han døydde i Budapest i 1876.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Folk frå Modum