Ole Evensen Hjelmstad () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Ringsaker i Hedmark. Johannes Hjelmstad var halvbror hans.

Han overtok farsgarden Hjelmstad i 1847, med selde han tre år seinare til halvboren Johannes Hjelmstad. Sjølv overtok han då garden Mølstad i Nes i Hedmark av svigerfar sin, og budde der sidan. Han var i kring 40 år medlem av heradsstyret i Nes frå 1853, ordførar i over 25 år. Elles var han forlikskommissær og sparebankdirektør, samt medlem av tilsynskomiteen for Hamar-Tynsetbanen.

Hjelmstad representerte Hedemarkens amt på Stortinget frå 1877 til 1885. I alle dei tre tingbolkane var han medlem av jarnbanekomiteen, frå 1880 til- 85 også medlem av Lagtinget. Under riksretten 1883-84 vart han utskoten av påklaga. Han melde seg inn i Stortingets Venstreforening då denne vart skipa.

Hjelmstad omkom i ei ulykke på jarnbanen på Tynset i 1896.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Nes i Hedmark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske bankfolk Kategori:Folk frå Ringsaker