Hedevard Kristofferssen Norderhaug () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Løten i Hedmark.

Norderhaug var gardbrukar på farsgarden frå 1853. Han var medlem av heradsstyret 1861-77, ordførar 1861-65 og 1869-73. Elles var han forlikskommissær frå 1863 til -73 og på ny frå 1879 til -86. Frå 1861 var han ordførar i allmenningsstyret og makta då å få styret med på å frede skogen, samt vedteke bruksreglar for same.

Norderhaug var vart vald til 1. varamann for Hedemarkens amt til Stortinget 1868-69, men sidan representanten Ole Olsen Nyhus var sjukmeld, møtte Norderhaug heile tingbolken. Han var sidan 3. representant frå same amtet til Stortinget både 1871-73 og 1874-76. Heile si tid på Stortinget var han medlem av næringskomite nr 2. Han var medlem av kongelege kommisjonar om brennevinsskatt 1870, og om skoglova 1874.

Han døydde på garden sin i Løten i 1891.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Folk frå Løten