Anders Bakken () er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han er frå Lillehammer og tevla for Lillehammer Skiklub. Bakken vart noregsmeister ein gong, på femmila i 1981. Han vann elles tre bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplassering i verdsmeisterskap var ein 12. plass på femmila i Lahti-VM 1978. Hans fremste internasjonale prestasjon kom då han sigra på 15-kilometeren i Lahti i 1979.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1978: Nr 12 på 50 km og nr 13 på 30 km under VM i Lahti 1979: Vinnar av 15 km og 3. plass på 50 km i Lahti 1980: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. Nr 15 på 50 km under Olympiske leikar i Lake Placid 1981: Nr 2 på 50 km i Lahti (ikkje verdscuprenn)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1976: Nr 7 på 50 km i Oppdal Ski-NM 1977: Nr 4 på 50 km i Røros Ski-NM 1978: Bronsemedalje på 50 km på Konnerud Ski-NM 1979: Nr 4 på 50 km i Rindal Ski-NM 1980: Bronsemedalje på 15 km i Asker Ski-NM 1981: Gullmedalje på 50 km og bronsemedalje på 30 km i Eidsvoll Ski-NM 1982: Nr 9 på 50 km i Trondheim Ski-NM 1983: Nr 8 på 50 km i Lillehammer

Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Folk frå Lillehammer