AMFI Nesttun, tidlegare Nesttunsenteret og AMFI Nesttun, er eit kjøpesenter i Fana bydel i Bergen, ca. 10 km sør for Bergen sentrum. Senteret opna i 1996 og har over 30 butikkar. Det ligg i Nesttun sentrum, kommunesenteret i tidlegare Fana kommune, som er eit komprimert handels- og serviceområde med i alt 110 verksemder innan handel, post og bank i tillegg til ei rekkje private og offentlege servicefunksjoner. Staden er eit trafikknutepunkt, og Nesttun terminal var førebels endestasjon for byggjetrinn éin i utbygginga av Bybanen i Bergen. Bybanestasjonen Nesttun sentrum vart bygd rett utanfor senteret, og opna 21. juli 2013 då byggjetrinn to i utbygginga av bybanen stod ferdig.

5. november 2015 bytta senteret namn frå Nesttunsenteret til AMFI Nesttun då AMFI Drift AS tok over drifta. 1. oktober 2025 tok Alti Forvaltning over senteret og endra samstundes namnet til Alti Nesttun.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggverk i Fana Kategori:Skipingar i 1996 Kategori:Kjøpesenter i Vestland