Don Juan's Reckless Daughter er eit dobbeltalbum av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell frå 1977. Det er uvanleg eksperimentelt og gjekk lenger i retning av jazzfusion-stilen til Mitchell på Hejira frå året før. Mitchell har sagt at sidan ho var ved slutten av kontrakttida med Asylum Records, let ho albumet vere lausare i stilen enn noko ho hadde laga tidlegare.Joni Mitchell Biography from jonimitchell.com Henta 10. juli 2021 Don Juan's Reckless Daughter kom ut i desember 1977 til blanda kritikk, men klarte å nå 25. plassen på Billboard-lista og selde til gullplate etter tre månader.

Bakgrunn og innhald Mykje av albumet er eksperimentelt, men dette gjeld særleg «Overture», der seks gitarar spelar samstundes, somme i ulike stemmingar med ekkoeffektar. «The Tenth World» er ein lang instrumental med latinsk perkusjon, og «Dreamland» inneheld berre perkusjon og vokal (mellom anna av Chaka Khan).

Den mest eksperimentelle av alle er «Paprika Plains», ein 16 minuttar lang song improvisert på piano og arrangert med fullt orkester. Denne tar opp heile side to. Her fortel Mitchell om ei oppleving ein sein kveld på ein bar i lag med kanadiske urfolk, og er innom tema som håpløyse og alkoholisme. På eit punkt i soga forlet ho baren for å sjå på regnet og glir inn i ein drøymetilstand. Teksten, som er trykt i plateomslaget, vert ikkje sungen og vert ei blanding av referansar til uskuldige barndomsminne, ein atombombeeksplosjon og ei uttrykkslaus stamme som ser på drøymaren. Forteljaren går så inn att når regnet har gjeve seg.

To av songane på albumet var gjevne ut tidlegare: «Jericho» av Mitchell på konsertalbumet Miles of Aisles i 1974 og «Dreamland» av Roger McGuinn i 1976 på albumet hans Cardiff Rose.

Don Juan's Reckless Daughter vart framført med prominente jazzmusikarar, mellom andre fire medlemmar frå Weather Report – Jaco Pastorius, Wayne Shorter, Manolo Badrena og Alex Acuña.

Plateomslag Plateomslaget er ein fotomontasje og består av tre fotografi av Mitchell. I framgrunnen er ho sminka som ein svart mann, «rekna som hennar alter ego, ein svart hipster kalla Art Nouveau.»Evelyn White, "Joni Mitchell, Herizons, June 2010. Reproduced on a fair-use basis in Joni Mitchell.com Library. Henta 30. mars 2011.Larry David Smith, Elvis Costello, Joni Mitchell, and the torch song tradition (2004), Greenwood Publishing Group. . p.64.

Innhald

Medverkande Musikars Joni Mitchell – vokal, gitar; piano Jaco Pastorius – bassgitar; bongotromme ; kubjølle John Guerin – trommer Wayne Shorter – sopransaksofon Alex Acuña – conga, kubjølle, korvokal ; shaker ; ankelbjølle Don Alias – bongo ; conga, claves, korvokal ; skarptromme, sandpapirblokker ; shakers Manolo Badrena – congas, kaffikanner, solovokal ; conga ; oppført «i anda» Airto Moreira – surdo Larry Carlton – elektrisk gitar Michel Colombier – piano Chaka Khan – korvokal Glenn Frey, J.D. Souther – korvokal Michael Gibbs – orkesterarrangement oog dirigent Bobbye Hall – oppført «i anda» El Bwyd – den splitta anda

Produksjon Henry Lewy, Steve Katz – produksjon, miksing Robert Ash – assisterande lydteknikar Frank Laico – orkesterinnspeling Glen Christensen – kunstnarisk leiar Les Krims – kunst på kjolen til Mitchell Norman Seeff – fotografi Keith Williamson – fototrykk

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Don Juan's Reckless Daughter» frå , den 10. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Joni Mitchell-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Asylum Records-album Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Album produserte av Henry Lewy Kategori:Album produserte av Joni Mitchell Kategori:Album spelte inn i CBS 30th Street Studio