Mingus er det tiande studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell og eit samarbeid med jazzmusikaren Charles Mingus. Det vart spelt inn i månadane før han døydde, og vart det siste musikkprosjektet til Mingus. Albumet er tileigna han. Mingus kom ut 13. juni 1979.

Albumet er forholdsvis eksperimentelt med minimalistisk jazz, akustiske gitarar og til og med ulvar som hyler gjennom «The Wolf That Lives in Lindsey». Alle tekstane er skrivne av Mitchell, medan musikken til fire av songane vart komponert av Mingus, tre av dei nye songar, medan den fjerde er hyllesta hans til saksofonisten Lester Young frå Mingus Ah Um, «Goodbye Pork Pie Hat» frå 1959, som Mitchell skreiv tekst for.

Som det føregåande Don Juan's Reckless Daughter, hyrte Mitchell jazzfusiongruppa Weather Report til å spele på plata, mellom andre med Jaco Pastorius. Mingus var òg første gong saksofonisten Wayne Shorter og pianisten Herbie Hancock spelte i studio i lag sidan Shorter sitt Native Dancer frå 1974.

Innimellom songane finn ein lydbandopptak frå eit gebursdagsselskap, kalla «(Rap)». På «Funeral» diskuterer Mingus og andre kor lenge han kjem til å leve og korleis gravferda hans kjem til å bli. På plateomslaget finn ein fleire måleri som Mitchell målte av Mingus. Albumet nådde 17. plass på den amerikanske albumlista.

Innhald

Medverkande Kjelder: Musikarar Før innspelinga av albumet hadde Mitchell fleire «eksperimentelle innspelingar» med musikarar frå New York som hadde arbeidd med Mingus. Desse musikarane var mellom andre:

Desse «eksperimentelle» innspelingane skal ha gått tapt.

Medverkande på sjølve albumet var:

Teknisk Miksa av Joni Mitchell, Henry Lewy og Steve Katz Mastering av Bernie Grundman Management: Elliot Roberts Måleri av Joni Mitchell Kunstnarisk leiar: Glen Christensen

Innspelt i A&M Studios i Hollywood av Henry Lewy og Steve Katz. Ekstra innspelingar i Electric Lady Studios, New York av Henry Lewy og Jerry Solomon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mingus (album)» frå , den 10. juli 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Joni Mitchell-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Charles Mingus Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Album spelte inn i Electric Lady Studios Kategori:Plateomslag av Joni Mitchell