Rendezvous er eit album frå 1977 av den engelske folkrockartisten Sandy Denny og det vart det siste ho gav ut før ho døydde.
Sandy Denny og Trevor Lucas forlet Fairport Convention mot slutten av 1975 og Denny starta på Rendezvous våren 1976. Trevor Lucas produserte albumet med eit samtidig rockelydbilete for å gjere Denny til ein artist for dei store massane. Albumet vert i dag generelt rekna som overprodusert med mykje strykarar, korvokal og instrumentalspor. Trass i at albumet inneheld nokre av hennar beste songar og synte at ho utvida den musikalske horisonten med den karibisk-inspirerte «Gold Dust», dei sjelfulle kjærleikssongane «Take Me Away» og «I'm A Dreamer» og den mest ambisiøse av dei alle, ein sju minuttar lang orkesteraktig symfoni kalla «All Our Days».Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 s. 215.Philip Ward, "Sandy Denny: A Thirtieth Anniversary", R2 (Rock'n'Reel) 2(9), May/June 2008
Den omfattande verdsturneen med Fairport Convention gjennom 1974 og 1975 i lag med det store alkohol- og sigarettinntaket til Denny, gjekk utover stemma hennar, og no hadde mykje av den klokkeklare reinheita forsvunne. Ho hadde derimot framleis kontrollen og krafta i stemma si. For første gong på fleire år spelte Denny inn delar av albumet live i studio, mellom anna ei innspeling i Basing Street den 25. april der «Full Moon», «No More Sad Refrains» og «I'm A Dreamer» vart spelte inn live med bandet og strykarar på ein enkelt dag. Eit utval av coverversjonar vart òg spelt inn for albumet, «I Wish I Was a Fool For You (For Shame of Doing Wrong)» av Richard Thompson, «Silver Threads and Golden Needles», «Losing Game» av The Flying Burrito Brothers og Lowell George sin «Easy to Slip». Sistnemnde vart ikkje med på det ferdige albumet.
Då albumet kom ut mai 1977 var Denny gravid og kunne ikkje turnere.Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8 p218. I juli 1977 fødde Denny ei jente, og ho la ut på ein turne hausten 1977, noko som vart hennar siste konsertar. Sandy Denny døydde i april 1978 etter å ha falle ned ei trapp.
Innhald
Medverkande Sandy Denny - solovokal, akustisk gitar (5), piano (6/9) Jerry Donahue - elektrisk gitar (1/6/8-9) Junior Murvin - elektrisk gitar (2) Richard Thompson - elektrisk gitar (3) Bob Weston - elektrisk gitar (4) Trevor Lucas - akustisk gitar (6/9) John (Rabbit) Bundrick - orgel (1), synthesizer (1), piano (8) Steve Winwood - orgel (2/4/5), clavinet (2), piano (4), elektrisk piano (5) John Gillespie - piano (3) Pat Donaldson - bass (1-2/4-6/8-9) Dave Pegg - bass (3) Dave Mattacks - trommer (1-4/6/9), tamburin (1) Timi Donald - trommer (5/8) Brother James - congatrommer (2) Dick Cuthell - flygelhorn (2) Benny Gallagher & Graham Lyle - korvokal (3) Sue Glover & Sunny Leslie - korvokal (4/5) Kay Garner & Clare Torry - korvokal (6) The Ladybirds - korvokal (8) The Silver Band: John Hudson, Alan Holmes, Ray Grand, Gordon Bland, David White, Robert Richards, Peter Lockett & Philip Goodwin Harry Robinson - orkesterarrangement (3/6/7) Steve Gregory - blåsearrangement (4) Robert Kirby - silver band-arrangement (8)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rendezvous (Sandy Denny album)» frå , den 3. februar 2011. oppgav desse kjeldene: Further information on Rendezvous
Kategori:Sandy Denny-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Island Records-album Kategori:Hannibal Records-album