Pearl er det fjerde og siste albumet til Janis Joplin. Det kom ut 11. januar 1971, tre månader etter at ho døydde av ein heroinoverdose. Det var det første albumet hennar med Full Tilt Boogie Band.
Historie Albumet har ein langt meir polert stil enn albuma ho spelte inn med Big Brother and the Holding Company og Kozmic Blues Band på grunn av produsenten Paul A. Rothchild og det nye bandet som akkompagnerte ho. Rothchild vart mest kjend som produsenten til The Doors, og arbeidde godt med Joplin. I lag klarte dei å lage eit album som synte det uvanleg store songtalentet hennar. Full Tilt Boogie var musikarane som hadde spelt med ho på den kjende Festival Express sommaren 1970, og mange songane på albumet vart introduserte på scenen i Canada.
Pearl inneheld hittar som «Me and Bobby McGee» skriven av Kris Kristofferson og Fred Foster og «Move Over», som ho skreiv sjølv. Joplin syng på alle songane bortsett frå «Buried Alive in the Blues», som vart teken med som ein instrumental fordi Joplin døydde dagen før ho skulle legge vokal på songen. Innspelinga, som starta tidleg i september, enda brått då Joplin døydde den 4. oktober 1970. Det ikoniske plateomslaget syner Joplin som lener seg tilbake i den victorianske stolen hennar med ein drink i handa.
I 2003 vart albumet rangert på 122. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhald
Medverkande Janis Joplin - vokal Clark Pierson - trommer, korvokal Bobbye Hall - conga, perkusjon Phil Badella - korvokal Brad Campbell - bass Ken Pearson - orgel Bobby Womack - akustisk gitar Richard Bell - piano Sandra Crouch - tamburin John Till - gitar
Salslister
Vekeslister Liste (1971) PlasseringAustralske Kent Music Report1Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista1Den tyske albumlista3Den italienske albumlista83Norske VG-lista1UK Albums Chart20US Billboard 2001
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pearl (album)» frå , den 7. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Paul A. Rothchild Kategori:Janis Joplin-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album spelte inn i Sunset Sound Recorders 125 259