Jefferson Airplane var eit amerikansk rockeband skipa i San Francisco i 1965. Dei var pionerar innan psykedelisk rock, og var det første bandet frå San Francisco-miljøet som slo igjennom og fekk kommersiell og kritisk suksess.
Bandet spelte på alle dei tre kjende amerikanske rockefestivalane i 1960-åra, Monterey (1967), Woodstock (1969) og Altamont (1969), i tillegg til at at dei var eit av hovudbanda på den første Isle of Wight-festivalen. Innspelingane deira vart internasjonalt kjende, og dei fekk to hittar på Topp 10-lista i USA og fleire album inn på Topp 20-lista. Albumet Surrealistic Pillow frå 1967 vert rekna som ei av dei viktigaste innspelingane i den såkalla Summer of Love,Billy Altman, amazon.comBruce Elder, allmusic.com og gjorde at gruppa vart internasjonalt kjend. To hittar frå albumet, «Somebody to Love» og «White Rabbit», er begge oppførte på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.
Av band som kom etter Jefferson Airplane finn ein Jefferson Starship og Starship, med avleiarar som Hot Tuna og KBC Band. Jefferson Airplane vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996.
Historie Dei første åra mini|Jefferson Airplane i 1967. Jefferson Airplane vart danna i San Francisco sommaren 1965 ut frå det blømande folkemusikkmiljøet i San Francisco Bay. Sjølv om Airplane vert rekna for å vere eit San Francisco-band, var Paul Kantner den einaste som var fødd der.
Grunnleggjaren av gruppa som vart Jefferson Airplane var den 23 år gamle vokalisten Marty Balin (fødd Martyn Jerel Buchwald i Cincinnati i 1942), som var oppvaksen i San Francisco og som hadde starta ei lita karriere som popsongar tidleg i 1960-åra og gjort fleire innspelingar under sitt eige namn. Han spelte inn (utan særleg suksess) for Challenge Records i 1962, gav ut to singlar, den mest kjende av dei «I Specialize In Love», og vart eit medlem av folkgruppa the Town Criers i 1963–1964. Då the Beatles leia den britiske invasjonen i 1964 vart Balin inspirert av blandinga av folkemusikk med rock tidleg i 1965, med The Byrds og Simon & Garfunkel i spissen. Han ønskte derfor å danna eit band som spelte liknande musikk. Med ei gruppe investorar kjøpte Balin ei tidlegare pizzasjappe i Fillmore Street der han opna klubben The Matrix og byrja å leite etter bandmedlemmer.All Music Guide Biography Jefferson Airplane av William Ruhlmann
Balin møtte folkemusikaren Paul Kantner på ein annan lokal klubb, The Drinking Gourd. Kantner starta å spele i Bay Area-miljøet tidleg i 1960-åra, i lag med andre folkemusikarar som Jerry Garcia, David Crosby og Janis Joplin. Kantner har omtalt folkemusikkgrupper som The Kingston Trio og The Weavers som viktige tidlege inspirasjonskjelder. Han flytte ei kort stund til Los Angeles i 1964 for å arbeide i ein folkeduett med framtidig Airplane/Starship-medlem David Freiberg (som seinare vart med i Quicksilver Messenger Service).
Balin og Kantner såg seg så om etter andre musikarar for å danne eit husband på the Matrix. Etter å ha høyrt den kvinnelege vokalisten Signe Toly Anderson på the Drinking Gourd, inviterte Balin ho med i gruppa som songar. Anderson song med bandet i eitt år, mellom anna på det første albumet, før ho drog i oktober 1966 etter å ha fødd det første barnet sitt.
Kantner rekrutterte så den gamle venen sin, bluesgitaristen Jorma Kaukonen. Han var opphavleg frå Washington, D.C., men flytte til California tidleg i 1960-åra og møtte Kantner då han gjekk på Santa Clara University i 1962. Kaukonen vart invitert med til å spele med det nye bandet, men var i starten motvillig til å bli medlem, før han spelte gitaren gjennom eit forseinkingsapparat som var ein del av lydsystemet til Ken Kesey, som Kesey nytta under Acid Test-festane sine. Trommeslagaren Jerry Peloquin og den akustisk bassisten Bob Harvey utgjorde resten av originalbesetninga.
Opphavet til namnet deira er ofte omstridd. «Jefferson airplane» er slang for ei splitta fyrstikk som vart nytta for å halde marihuanajointar som hadde vorte for korte til at ein kunne halde dei utan å brenne fingrane.A Child's Garden Of Grass, Margolis & Clorfene 1970 Ei vandresoge hevdar at dette var opphavet til bandnamnet, men i følgje bandmedlemmen Jorma Kaukonen var det venen Steve Talbot som kom på namnet som ein parodi på bluesnamn som Blind Lemon Jefferson.
Gruppa gjorde den første konserten sin som Jefferson Airplane på opningskvelden til The Matrix den 13. august 1965. Bandet utvikla seg frå folkrøtene sine og henta inspirasjon frå The Beatles, The Byrds og The Lovin' Spoonful, og gjekk gradvis mot eit popaktig elektrisk lydbilete.
Eit par veker etter at gruppa var danna, forlét Jerry Peloquin bandet, delvis fordi han ikkje likte narkotikabruken til dei andre i bandet. Sjølv om han ikkje var trommeslagar, vart songaren og gitaristen Skip Spence (som seinare starta Moby Grape) invitert til å erstatte Peloquin. I oktober 1965, etter at dei andre medlemmane hadde funne ut at Bob Harvey ikkje var god nok på bass, vart han erstatta av Jack Casady, ein gammal ven av Kaukonen frå Washington D.C. Casady spelte den første konserten sin med Airplane på eit college i Berkeley i California, to veker etter han kom til San Francisco.
Gruppa vart raskt betre og fekk snart ein fast tilhengjarskare i og rundt San Francisco, godt hjelpen av meldingar frå musikkjournalisten Ralph J. Gleason, jazzkritikaren til San Francisco Chronicle som etter å ha sett dei på the Matrix seint i 1965, meinte at dei var «eit av dei beste banda nokonsinne». Meldinga til Gleason gjorde at folk fekk augo opp for bandet, og innan tre månader hadde manageren deira, Matthew Katz, tilbod frå fleire plateselskap, sjølv om dei enno ikkje hadde spelt utanfor Bay Area.
To viktige tidlege konsertar med Airplane vart halde seint i 1965. Den første var den historiske dansen i Longshoremen's Hall i San Francisco den 16. oktober 1965, den første av mange tilstellingar i Bay Area der Gleason først såg dei spele. På denne konserten vart dei støtta av eit lokalt folkrockband, The Great Society, med Grace Slick som songar, og det var her Kantner møtte Slick for første gong. Eit par veker seinare, den 6. november, var dei hovudband på ein konsert for San Francisco Mime Troupe, den første av mange arrangert av Bill Graham. Han vart seinare manager for bandet.
I november 1965 hadde Jefferson Airplane skrive under på ein platekontrakt med RCA Victor som omfatta eit uhøyrt forskot på $25 000. Før dette hadde dei spelt inn ein demo for Columbia Records av «The Other Side Of This Life» med Bob Harvey on bass, som raskt forsvann frå søkelyset til Columbia. Den 10. desember 1965 spelte bandet den første Bill Graham-konserten sin i the Fillmore auditorium, med støtte frå The Great Society og andre band. Airplane spelte òg på fleire av Family Dog-konsertar som Chet Helms arrangerte i Avalon Ballroom.
Den første singelen til gruppa var Balin sin «It's No Secret» (ein melodi han skreiv med Otis Redding i tankane). B-sida var «Runnin' Round The World», ein song som førte til den første store striden med RCA om teksten, «The nights I've spent with you have been fantastic trips». Etter debutplata Jefferson Airplane Takes Off kom ut i mars 1966, slutta Skip Spence i bandet. Han vart erstatta av Spencer Dryden, som spelte den første konserten sin med bandet på Berkeley Folk-festivalen den 4. juli 1966. Dryden hadde tidlegare spelt med eit Los Angeles-band kalla the Ashes, som seinare vart The Peanut Butter Conspiracy.
Den første manageren Matthew Katz fekk sparken i august, og starta ein lang rettsleg kamp som varte fram til 1987, og venen og romkameraten til Balin, Bill Thompson, vart turnemanager og mellombels manager for bandet. Det var Thompson, ein ven og alliert av bandet som tidlegare hadde jobba i Chronicle, som overtydde kritikarane Ralph Gleason og John Wasserman om sjå bandet i Longshoreman's Hall. På grunn av Gleason klarte Thompson å få bandet inn på Berkeley Folk Festival og Monterey Jazz Festival.
Debutalbumet til bandet, Jefferson Airplane Takes Off kom ut i september 1966. Dette folkemusikk-påverka albumet inneheldt John D. Loudermilk sin «Tobacco Road» og Dino Valente sin «Get Together», i tillegg til originale balladar som «It's No Secret» og «Come Up the Years». Trass i at gruppa ikkje hadde spelt utanfor Bay Area eller vore på fjernsyn, fekk albumet mykje omtale i USA og selde bra nok til at det vart gullplate. RCA trykte opphavleg berre 15 000 eksemplar, men det selde meir enn 10 000 berre i San Francisco, som fekk selskapet til å trykke fleire. For nytrykkinga sletta selskapet «Runnin' Round This World», fordi leiarane i selskapet reagerte på ordet «trip» i teksten. Av liknande årsaker sette RCA to alternative versjonar av to andre songar: «Let Me In», der linja «you shut your door; you know where» til «you shut your door; now it ain't fair.». I same song endra dei òg teksten «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it ain't funny». «Run Around» vart òg endra, og linja «flowers that sway as you lay under me» til «flowers that sway as you stay here by me». Orignaltrykkinga av Takes Off med «Runnin' 'Round The World» og usensurerte utgåver av dei to andre songane er i dag verde tusenvis av dollar på samlarmarknaden.
Grace Slick mini|Grace Slick Signe Anderson fekk ei dotter i mai 1966, og i oktober same året annonserte ho at ho trekte seg frå bandet. Den siste konserten hennar med Airplane fann stad i the Fillmore den 15. oktober 1966. Kvelden etter gjorde erstattaren hennar, Grace Slick, den første konserten sin med bandet. Slick var alt kjend for bandet. Ho hadde vore på debutkonserten deira på the Matrix i 1965 og det tidlegare bandet hennar, The Great Society, spelte ofte føre Airplane på konsertane deira.
Slick viste seg å bli særs viktig for det kommersielle gjennombrotet til Airplane. Ho hadde ei mektig og smidig kontraaltstemme som utfylte stemma til Balin godt og passa godt inn i den psykedeliske musikken til bandet. Som tidlegare modell gjorde tilværet hennar på scenen at bandet fekk ein ny dimensjon på konsertane sine.
The Great Society hadde spelt inn ein tidleg versjon av «Somebody to Love» (med tittelen «Someone to Love») som B-side til den einaste singelen deira, «Free Advice». Han var produsert av Sylvester Stewart (som snart vart Sly Stone), men det tok visstnok meir enn 50 forsøk før dei fekk ei utgåve dei var nøgd med. The Great Society valde å gje seg seint i 1966 og spelte den siste konserten sin den 11. september. Like etter spurte Jack Casady om Slick ville verte med i Jefferson Airplane, og ho vart kjøpt ut av kontrakten med Great Society for 750 dollar.
Surrealistic Pillow og kommersielt gjennombrot mini|Jefferson Airplane opptrer ved KFRC Fantasy Fair and Magic Mountain Music Festival i 1967.
I desember 1966 vart Jefferson Airplane omtalt i ein artikkel i Newsweek om det blømande musikkmiljøet i San Francisco, ein av dei første i eit opprør av mediarapportar som fekk stor innverknad på ungdomen i byen og som medverka til kommersialiseringa og utnyttinga av hippiekulturen.
Kring byrjinga av 1967 tok Bill Graham over for Bill Thompson som manager. I januar vitja gruppa austkysten for første gong. Den 14. januar spelte dei i lag med Grateful Dead og Quicksilver Messenger Service på den no legendariske «Human Be-In», ein heildags 'happening' i Golden Gate Park, ein av dei store hendingane som førte fram mot «Summer of Love». I denne perioden vart bandet kjend i utlandet då den britiske popstjerna Donovan, som såg dei då han var på vestkysten tidleg i 1966, nemnde Airplane i songen sin «The Fat Angel» frå albumet Sunshine Superman.