mini|Havregraut kokt på vatn. mini|Havregraut med mjølk.

Havregraut eller havregrynsgraut er ein grautrett laga av kornslaget havre. Som regel lagar ein grauten ved å koka opp havregryn i vatn eller mjølk. Det er også vanleg å tilsetja salt når havregrauten kokar. Det går også an å laga graut med kaldt vatn eller mjølk over fleire timar, typisk over natta.

Historie Havren kom til Nord-Europa frå den fruktbare halvmånen for ca. 2500 år sidan. Det nordeuropeiske klimaet er gunstig for havre, og havre blei svært utbreidd i dei nordiske landa. I Danmark har ein dyrka havre sidan 500-1000 år f.Kr. I Noreg var det først etter 1945 at havre blei sett på som ein del av kosthaldet. Dette kom av dei vanskelege tidene i etterkrigstida der behovet for mat som var lett tilgjengeleg og billeg blei særs viktig.

Helse Jamt inntak av havregryn er blitt hevda å redusera blodtrykk og kolesterol. Ved å eta havregraut jamleg vil ein styrka immunforsvaret ifølgje nokre studiar. Enkeltstudiar har også funne ein gunstig effekt av havregryn på søvn og hjarte.

Astma og allergiforbundet skriv at dei fleste personar med cøliaki tolererer havre. Derfor kan desse også forsiktig introdusera havregryn i kosthaldet sitt. Det finst også glutenfrie havregryn som eit substitutt til dei som også reagerer negativt på vanleg havre. Enkeltstudiar har vist at det kan vera positivt for folk med cøliaki å eta havre.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Havregraut» frå , den 6. august 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Grautar Kategori:Havre