Ole Roald Andreas Rynning () var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Carl Rynning var bror hans.
Rynning vart student frå Heltbergs skole («studentfabrikk») i 1858 og cand. jur. i 1858. Han var så eit år kopist i revisjonsdepartementet, før han 1864-67 var fullmektig hos sorenskrivaren i Nordre Jarlsberg. Frå 1867 arbeidde han som overrettssakførar i Drammen. Borgarmeister i byen i perioden 1890-1913.
Han var medlem av bystyret i Drammen frå 1882 til -90. Tida 1875-90 var han forstandar for Erik Børresens stiftelse.
Rynning representerte Drammen på Stortinget frå 1883 til 1897. Han var medlem av militærkomiteen 1883-91 og av justiskomiteen 1892-97. I den siste perioden sin på Stortinget var han også medlem av Lagtinget. Både i 1895 og 1897 vart han permittert, frå høvesvis 12. mai og 30. juli. Rynning var medlem av Høgre si gruppe på Stortinget frå denne vart skipa i 1884.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar for Drammen Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Drammen Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Hjartdal