Edge of Darkness er eit filmmusikkalbum frå 1985 av Eric Clapton og Michael Kamen for den britiske fjernsynsserien Edge of Darkness. Temaet frå serien vann dei ein Ivor Novello-pris for låtskriving og komposisjon, i tillegg til at dei vann BAFTA-prisen for beste musikk i 1986.

Bakgrunn For Clapton var dette første gongen han skreiv filmmusikk, kort tid etter at han hadde sett Terry Gilliam-filmen Brazil med venen Kamen, som hadde skrive musikken for filmen. Han fekk ein telefon frå BBC som spurte om han ville lage musikk til Edge of Darkness, og han bad så Kamen om hjelp.

Kritikarros Som med fjernsynsserien fekk filmmusikken mykje ros: The Age kalla han eineståande; The Atlanta Journal-Constitution sa at han var «særleg merkverdig». Singelen nådde 65. plass på den britiske lista, der han låg tre veker i januar 1986.

Innhald

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Edge of Darkness (soundtrack)» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Eric Clapton-album Kategori:Musikkalbum frå 1985 Kategori:Fjernsynsmusikk