«Before You Accuse Me» (òg kjend som «Before You Accuse Me (Take a Look at Yourself)» er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske musikaren Bo Diddley i 1957. Han vart gjeven ut som B-sida til singelen «Say Bossman» og kom ut på debutalbumet hans i 1958. Diddley song og spelte gitar, og med seg hadde han Jody Williams (gitar), Willie Dixon (bass) og Frank Kirkland (trommer).

Andre versjonar Eric Clapton-utgåva «Before You Accuse Me» vart spelt inn og gjeven ut to gonger av Eric Clapton: ein elektrisk versjon på albumet Journeyman frå 1989 og ein akustisk konsertversjon frå Unplugged i 1992. Journeyman-utgåva nådde 9. plassen på Billboard si Hot Mainstream Rock Tracks-lista i 1990.

Medverkande Journeyman version Eric Clapton – vokal, gitar Robert Cray – gitar Richard Tee – piano Robbie Kondor – synthesizer Nathan East – bassgitar Jim Keltner – trommer Russ Titelman – produsent

Andre versjonar Creedence Clearwater Revival spelte songen for albumet Cosmo's Factory i 1970. Creedence Clearwater Revival hadde tidlegare spelt songen i 1968 under innspelinga av debutalbumet, men denne kom først ut på 40-årsjubileumsutgåva av albumet.

Andre som har spelt songen er Magic Slim og Delbert McClinton.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Before You Accuse Me» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1957 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Songar skrivne av Bo Diddley Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:The 13th Floor Elevators-songar